KUN801 Tverrfagleg arbeid i kunstfaga
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet har som overordna mål å gi studentane erfaring med tverrfaglege arbeidsmåtar i faga drama, kunst og handverk og musikk. Gjennom praktisk skapande arbeid, refleksjon og tekstproduksjon får studentane kunnskap om korleis dei kan utvikle og gjennomføre samarbeid mellom kunstfaga, både i form av mindre prosjekt i undervisningskvardagen og i samband med større produksjonar. Studentane arbeider praktisk med og reflektere over tema som til dømes dramaturgi, scenografi, improvisasjon og komposisjon. Metodikk og teori knytt til kreative, relasjonelle og estetiske prosessar, samhandling og gruppeleiing er òg ein del av emnet. Det er eit poeng at studentane skal ha moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.
Emnet er nett- og samlingsbasert og rettar seg mot kulturskulelærarar, deltakarar i kulturlivet elles, lærarar i grunnskulen og lærarstudentar. Innhaldet i emnet er også relevant for tilsette og studentar i barnehage.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om metodar for tverrfagleg arbeid
- har kunnskap om gruppeleiing i kreative prosessar
- har kunnskap om dramaturgi, scenografi, improvisasjon og komposisjon
- har kunnskap om kreative og estetiske læreprosessar
Ferdigheiter
Studenten
- kan ivareta og utnytte eige fag sin eigenart i tverrfagleg skapande samarbeid med andre kunstfag
- kan samarbeide med kollegaer og andre fagfolk i tverrfaglege og estetiske prosessar
- kan legge til rette for at elevar og andre deltakarar kan erfare og ta del i estetiske læreprosessar
- kan leie og reflektere over aktivitetar og prosessar i samband med tverrfagleg arbeid
Generell kompetanse
Studenten
- har erfaring med skapande og kollektivt kreativt arbeid i faga
- kan anvende kunnskapar om kreative prosessar i samband med prosjektarbeid
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfagleg estetisk arbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet er ønskjeleg.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er organisert som eit samlings- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk prosjekt- og gruppearbeid, forelesingar og litteraturstudier.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må følgjande obligatoriske læringsaktivitetar vere godkjent:
- Presentere erfaringar frå utprøving av didaktiske opplegg i eigen eller andre si praksis
- Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitatar.
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang).
Vurderingsform
Mappevurdering.
Mappa inneheld multimodale arbeid der skriftleg tekst, lyd og video kan inngå som sentrale komponentar.
Karakterakala: bestått/ikkje bestått.
Dersom alle elementa ikkje er levert til læringsmappa, vert mappevurderinga vurdert til «ikkje levert»/«ikkje møtt».
Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel