Hopp til innhald

MA415 Matematikk brukaremne

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

MA415 er det fyrste av to brukartilpassa emne i matematikk for graden bachelor i fornybar energi og skal saman med FE404 gi studentane det matematiske grunnlaget dei treng til dei teknologiske emna i graden. Emnet gir ei innføring i matematiske tema som geometri, trigonometri og kalkulus, samt korleis matematiske metodar og modellar er integrert i problemstillingar innan fornybar energi.

Læringsutbytte

Emnet skal gi studentane ei innføring i korleis ein kan nytte matematikk til å handtere ulike problemstillingar innan fornybar energi, samt kjennskap til nokre matematiske metodar dei kan nytte for å løyse desse problema.

Kunnskap

Studenten har

  • kunnskap om relevante geometriske former og om korleis ein kan berekne areal og volum av desse
  • kunnskap om trigonometriske identitetar og vektorar
  • kunnskap om løysingsmetodar for lineære og andregradslikningar
  • kunnskap om eigenskapar til grunnleggande funksjonar som polynomfunksjonar, eksponentialfunksjonar og trigonometriske funksjonar
  • kunnskap om derivasjon og integrasjon av funksjonar bygd opp av grunnleggande funksjonar.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • handtere grunnleggande matematiske problem innan fornybar energi
  • drøfte funksjonar med ein variabel

Kompetanse

Studenten

  • har kjennskap til sentrale matematiske metodar og kan nytte desse til å løyse praktiske problemstillingar innan fornybar energi
  • kan forstå og vurdere grunnleggande matematiske modellar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, diskusjonar, innleveringar og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre (3) skriftlege innleveringar knytt til emnet sitt matematikkfaglege tema. Tre (3) av tre (3) innleveringar må vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator (ikkje programerbar)

Meir om hjelpemiddel