Hopp til innhald

MASS530 Sosiale endringsprosessar og prosjektleiing i samfunnsarbeid

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet tematiserer kunnskap om og forståing av sosiale prosessar og endringsarbeid, og gjev kunnskap om bruk av ulike teoriar og metodar for prosess- og prosjektleiing. Kollektiv handling og kollektivt endringsarbeid er sentralt i samfunnsarbeid, der tid, stad, situasjon og personar bidreg til kva som vert sett i verk og kva som vert resultat. Emnet gjev ei grundig innføring i metodar for kartlegging, mobilisering, analyse, planlegging, iverksetting av prosjekt, formidling, avslutning, og evaluering i forhold til endringsarbeid innan samfunnsarbeid.

Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter i prosessleiing, fasilitering, styrkebaserte og deltakardemokratiske metodar, på analoge og digitale arenaer for mobilisering av ulike grupper. Den praktiske verktøykassa inneheld kunnskap om ulike metodiske tilgangar til samfunnsarbeid som lokalt utviklingsarbeid, sosial aksjon, planarbeid, sosialt entrepenørskap og ansvarleg innovasjon.

Arbeidsmåtane i emnet legg til rette for at prosessen kan erfarast mellom anna gjennom kreative verkemiddel. Emnet vektlegg ei analytisk og kritisk tilnærming til ulike deltakerdemokratiske metodar innan samfunnsarbeid, for å kunne vurdera moglegheiter og begrensningar i ulike kontekstar. Studentane får erfara korleis tidlegare kunnskap og erfaring vert tatt i bruk eller utfordra i samfunnsarbeidsprosessar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har avansert kunnskap om og kan reflektera kritisk over ulike metodiske tilnærmingar og verktøy i samfunnsarbeid
  • har inngåande kunnskap om vilkår for sosial deltaking i utviklingsprosessar
  • har inngåande kunnskap om sentrale aspekt ved prosjektarbeid og prosessleiing.
  • har inngåande kunnskap om forholdet mellom planarbeid og innbyggarmedverknad.

Ferdigheiter :

Studenten…

  • kan identifisera kritiske faktorar i utviklingsprosessar og vera kritisk reflekterande rundt eige prosjekt
  • kan vera katalysator i sosiale endringsprosessar ved å velja, iverksetta og grunngje metodeval i samfunnsarbeid
  • kan bruka kunnskapen for å mobilisera til sosial deltaking i ulike fellesskap for ulike grupper menneske
  • kan planlegga, gjennomføra, ferdigstilla og evaluera ulike endringsprosjekt og involvera dei det gjeld i alle delar av prosessen
  • kan analysera ulike vilkår for gjennomføring av samfunnsarbeidsprosjekt
  • kan analysera og forhalde seg kritisk til ulike deltakerdemokratiske metodar i ulike kontekstar.

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan analysera relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar i prosjekt - og prosessleing
  • kan nytte sin kunnskap og evner på nye områder for å gjennomføra avanserte prosjekt og arbeidsoppgåver innan samfunnsarbeid
  • er medviten rolla som samfunnsarbeidar
  • kan formidla faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar til fagfeltet og ålmenta
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar

Krav til forkunnskapar

MASS520

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Sentrale undervisnings- og læringsformer vil vera forelesningar, kritisk dialog, ekskursjonar, praktiske øvingar i gruppe, feltarbeid, samt seminar der studentane vil få og gje innspel på eige og medstudentars arbeid. Arbeid med eige prosjektarbeid i gruppe skjer også mellom samlingane etter avtale med faglærar og eksterne partnarar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitet må vera godkjend før studenten kan melda seg opp til eksamen:

Skriftleg individuell oppgåve på 2000 ord +/- 10% med tema: "Refleksjon over rolla som samfunnsarbeidar"

Studenten reflekterer over eigen læringsprosess i emnet og eiga rolle som samfunnsarbeidar. Refleksjonsoppgåva føreset av studenten i heile emneperioden har arbeidd med prossessar og prosessleiing i samfunnsarbeid og ført eigen logg med refleksjon over ulike delar av arbeidet og ulike roller.

Vurderingsform

Prosjektarbeid med rapport og muntlig eksamen i gruppe

Studentane skal iverksette ein tenleg form for medvirkningsprosess basert på samfunnsarbeid i eit prosjekt der dei samarbeider med eksterne partnarar. Eksamen vert førebudd og gjennomført som gruppearbeid der studentene gjer val i prosess saman med eksterne partnarar knytta til samfunnsarbeidsmetodar. Studentgruppene samarbeidar med eksterne partnere etter forslag frå faglærer. Gruppene kan ha 3-5 deltakarar, avhengig av det totale arbeidsomfanget i det aktuelle prosjektet. Perioden prosjektet strekkjer seg over avtaler gruppa i dialog med faglærar og ekstern partner.

Gruppene utarbeidar ein rapport og samfunnsarbeidsprosjektet vert presentert på ei ope samling der dei eksterne partnarane vert invitert. Presentasjonen skal ha eit omfang på omlag 35 minutter. Presentasjonen skal grunngje val av metode, skildra medverknadssprosessane, nyttegjera seg av sentrale omgrep i samfunnsarbeid og prosjektarbeid, og visa korleis metoden har blitt brukt og kva erfaringar og resultater som er oppnådd.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel