MAT202 Matematikk 2
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhold og oppbygning
Dette er det andre av fleire emne som til saman dekkar læringsutbytta i matematikk for graden bachelor i ingeniørfag.
Emnet si målsetting er å gi studenten eit utvida grunnlag for den matematikken ein ingeniør treng i studiet og utøvinga av si yrkeskarriere.
Innhald: Vektorrom og lineær uavhengigheit; eigenverdi og eigenvektor, følger, rekker og konvergens, taylorrekker; fourierrekker; første og andre ordens differensiallikningar og lineære differensiallikningar av første orden; system av lineære differensiallikningar med to variable; funksjonar av fleire variable; Laplace-transformasjon.
Læringsutbytte
Emnet presenterer vidaregåande emne i matematikk og viser korleis matematikk blir integrert i ingeniørfagleg problemløysing.
Kunnskap
- Etter å ha fullført dette emnet, kan kandidaten identifisere og løyse problem relatert til delemne i innhald og har kjennskap til matematisk programvare.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan velje matematiske metodar og utføre utrekningar innanfor emnet sine tema.
- Kandidaten kan forstå, grunngi og vurdere sine utrekningar.
- Kandidaten kan bruke differensiallikningar og differensiallikningssystem til å modellere og analysere ingeniørfaglige problem.
Generell kompetanse
- Kandidaten har matematisk forståing som er nødvendig for yrkesutøving og vidare fagleg oppdatering.
- Kandidatane kan bruke sin matematiske kunnskap, om nødvendig med bruk av matematisk programvare.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Matematikk 1 eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire obligatoriske øvingar må vere gjennomført til fastsette fristar, og godkjende før eksamen kan gjennomførast.
Godkjende øvingar gir også tilgang til eventuell ny eksamen (kontinuasjonseksamen) følgande semester.
Etter dette må nye øvingar gjennomførast på nytt.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 5 timer. Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemidler ved eksamen
Formelark. Enkel kalkulator. Godkjende kalkulatorar er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
Mer om hjelpemidlerFaglig overlapping
- MAT201 - Matematikk 2 for kjemiingeniør - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT203 - Matematikk 2 for brann-, bygg-, HMS- og maskiningeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT105 - Vidaregåande matematikk for byggingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT103 - Vidaregåande matematikk for kjemiingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT106 - Vidaregåande matematikk for elektroingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT107 - Vidaregåande matematikk for maskiningeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING1021 - Rekkjer og funksjonar av fleire variablar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MA2-200 - Matematikk 2 - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT202D - Matematikk 2 - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT107 - Vidaregåande matematikk for maskiningeniørar - Reduksjon: 20 studiepoeng