ME420 Statistikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Studentane får øving i utforsking og analyse av ulike typar data, tolking av mønster i dataene ved hjelp av statistiske testar, frå enkle klassiske testar som t-test, wilcoxon rank sum test, og korrelasjon, til meir avansert teknikker som ANOVA og regresjon. Studentane får også øving i estimering av usikkerhet / konfidensintervall, eksperimentell design, planlegge innsamling og presentasjon av data. Det blir også undervist i bruken av programmet R.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane:
- forstå kor viktig statistikk er i forsking
- forstå nokre av dei viktigaste prinsippa bak statistikk
- kunne betrakte omverda meir objektivt med tanke på mønster og trendar
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane:
- kunne anvende nokre grunnleggande statistiske metodar på ulike datasett
- kunne planlegge feltarbeid til bacheloroppgåve med tanke på god statistisk behandling
- kunne bruke den mest vanlege statistiske programvara
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane:
- kunne tenke kritisk i forhold til presentert statistikk i media, rapportar og vitskaplege artiklar
- kunne betrakte omverda meir objektiv med tanke på mønster og trendar
- kunne utføre statistiske analysar som er nødvendig f.eks i bacheloroppgåver.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og seminar (ca. 1/4) og øvingar (ca. 3/4). Studentane treng eigen datamaskin til øvingar
Obligatorisk læringsaktivitet
1) Kort essay levert i slutten av veke 1. Studentane skal gjere greie for forsøksdesignet til eit prosjekt som dei gjennomfører i løpet av kurset.
2) Studentene sender inn prosjektdataene sine i slutten av veke 4.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 15 minuttar
Studentane leverer ein videopresentasjon for prosjekt sitt, der dei forklarer metodane dei valde for å analysere og tolke data, og drøftar alternative metodar, og blir deretter stilt spørsmål om det.
Karakterskala: A-E/F (stryk)
Hjelpemiddel ved eksamen
Eigen datamaskin, pensumboka, osv
Meir om hjelpemiddel