Hopp til innhald

MGBMAS301 Matematikk 2, emne 1 - Den utprøvande matematikklærer

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I Matematikk 2 fordjupar studentane seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglige tema frå Matematikk 1. Fokus er her meir konsentrert og forskingsretta enn i Matematikk 1.

Matematikk 2 er delt opp i følgande emne:

  • Emne 1: Perspektiv på matematikkfaget (15 studiepoeng)
  • Emne 2: Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk (15 studiepoeng)

Denne planen omtalar emne 1.

Til saman dekker emne 1 og 2 læringsutbytte for Matematikk 2 skildra i dei Nasjonale retningslinjene for Grunnskulelærarutdanninga 1-7.

Emne 1 har fokus på tre sentrale perspektiv knytt til matematikkfaget.

  • Matematikk som allmenndannande fag og matematikk i samspel med andre fag, naturfag, filosofi og samfunnsutvikling.
  • Matematikkfagets betydning for utvikling av elevars kritiske demokratiske kompetanse.
  • Tilpassa opplæring.

Matematikkfaglege tema i emne 1 er statistikk, funksjonslære og modellering. Gjennom arbeidet med emnet skal studenten få innsikt i sentrale omgrep innanfor desse temaa. I emnet skal studentane studera matematiske modellar si rolle og bruk i eit fagleg prosess- og danningsrelatert perspektiv. Didaktiske ferdigheiter i å vurdera læring og i å leggja til rette for tilpassa opplæring for alle elevar vil vektleggjast.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om funksjonslære, statistikk og matematiske modellar med særleg vekt på progresjon i desse emna gjennom grunnskulen
  • har inngåande kunnskap om interaksjonsmønster, kommunikasjon og språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si læring i faget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke digitale verktøy til illustrasjon, simuleringar og berekningar knytta til matematiske modellar
  • kan gjennomføre enkle kvantitative undersøkingar
  • kan formidle spesialkunnskap innan eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfagleg emne
  • kan vurdere elevar sin læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan tilpassa opplæringa i matematikk ut frå elevane sine behov og gjeldande læreplan
  • kan kommunisera med elevar, lytta til, vurdera, gjera bruk av elevar sine innspel og stimulera elevar si matematiske tenking i arbeid med statistikk, funksjonslære og modellering

Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for matematikk som allmenndannande fag og matematikkfagets betydning i samspel med andre fag, kultur, filosofi og samfunnsutvikling
  • har forståing for matematikkfagets betydning i utvikling av kritisk demokratisk kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1 (MGBMAS101 og MGBMAS201) eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Emnet går over eitt semester, og undervisninga vil organiserast gjennom tre fysiske samlingar i Sogndal og ved nettundervisning. Vi brukar læringsplattforma Canvas og videokonferansetenesta Zoom for kommunikasjon.

Detaljar i samband med organisering av undervisning i emnet vil kome fram i semesterplanen som blir utdelt ved oppstart av emnet. Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskulen og som skal gi grunnlag for diskusjonar om skulen arbeidsformer i skulen. Det vert brukt forelesningar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Deler av pensum er sjølvstudium og det er anbefalt at lærestoffet vert omarbeida i kollokviegrupper. Rettleiing inngår som ein naturleg del i dei fleste aktivitetane.

Studentane må rekne med at delar av undervisninga er obligatorisk. Det kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane vert gitt ved semesterstart.

Om obligatoriske læringsaktivitetar vert digitale, skal studentane vere synlege i det digitale rommet. I slike tilfelle det ikkje verte gjort opptak av undervisninga. I dei tilfella opptak er aktuelt, vil studentane få beskjed om dette, og kan skru av kamera om dei ynskjer det.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på samlingar, i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane vert gitt ved semesterstart.

Det er tre obligatoriske læringsaktivitetar som er inkludert i emnet:

  • 2 læringsaktivitetar knytt til emnets matematikkfaglege og didaktiske tema.
  • 1 læringsaktivitet knytt til praksis. Det skal leverast ein skriftleg rapport.

Ytterlegare presiseringar knytt til om læringsaktivitetane er individuelle eller i gruppe, og om dei er skriftlege eller munnlege går fram av semesterplanen.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Om ein læringsaktivitet vert vurdert som ikkje godkjent, skal studenten ha skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternative læringsaktivitetar gitt av faglærar. Dato for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og i medhald av gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden startar.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel