MGUKH101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1, emne 1 gir ei innføring i design, kunst og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike materiale og medium knytt til gjeldande læreplan for 5. -10. trinn i grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av materiale og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i materiale. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.
Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
- kjenner til relevant lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving og kreativitet
- kjenner til gjeldande reglar om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan i eigne skapande prosessar, bruke skisser som verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, dokumentasjon og vurdering
- kan formidle kjennskap til relevant lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- kan bruke og vedlikehalde relevante handverktøy, og kjenner til korleis ein ivaretek arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstedane (HMS-rutinar)
- kan anvende teikning som språkform og som verktøy i skissearbeid
- kan planlegge og gjennomføre undervisning, og legge til rette for tilpassa opplæring for alle elevar i 5. - 10. trinn
- kan anvende digitale læringsressursar til innhenting og formidling av fagstoff
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over fagets eigenart i forhold til grunnleggjande ferdigheiter
- kan reflektere over korleis skapande arbeid med materiale utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- kjenner til arbeidsformer og tema som bidreg til bærekraftig bruk av materialar og verktøy
- har kunnskap om korleis elevmangfald kan nyttast som utgangspunkt for tilpassa opplæring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Workshop
- Seminar
- Førelesingar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid
- Praktisk arbeid i verkstedene
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:
- deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar i undervisninga
- eit munnleg framlegg i gruppe
- ei skriftleg individuell oppgåve
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane, kan den aktuelle obligatoriske læringsaktiviteten takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.
Vurderingsform
Mappevurdering.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått
Mappa består av praktiske arbeid med prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel