Hopp til innhald

MGUKH201 Kunst og handverk 1, emne 2 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 1 emne 2 gir ein ytterlegare innføring i design, arkitektur og kunst. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike material og medium knytt til gjeldande læreplan for 5.-10. trinn i grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av material og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i material. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.

Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
  • har erfaringsbasert kunnskap om utforskande arbeidsmetodar i materiale og teknikkar
  • har kunnskap om barn og unges to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
  • har kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor design, kunst og arkitektur, men også innan handverk, kan tolkast og brukast som utgangspunkt for unge menneske sitt skapande arbeid
  • har kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk
  • kjenner til gjeldande reglar om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser
  • kan analysere og formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel
  • kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar)
  • kan bruke teikning både som språkform og verktøy i skissearbeid og arbeidsteikningar i gitt målestokk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over korleis skapande arbeid med material utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer og har innsikt i korleis sjølvstendige undersøkingar og skapande arbeidsformer kan bidra til å løyse ulike form-relaterte problem
  • har kunnskap om korleis elevmangfald kan nyttast som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • forstår korleis val av material, arbeidsformer og tema kan bidra til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • kan reflektere over faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging og læringsorientert vurdering (feks begynnaropplæring og grunnleggande ferdigheiter)
  • kan utforske og reflektere over verdien av flerfaglige/tverrfaglige prosjekt og arbeidsformer
  • kan reflektere over læringsformer i bruk av digitale verktøy i et undervisningsopplegg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUKH101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1

Undervisnings- og læringsformer

  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
  • Planlegging og gjennomføring av undervisning ved hjelp av digitale verktøy (profesjonsfagleg digital kompetanse)
  • Ei skriftleg individuell oppgåve.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane, kan den aktuelle obligatoriske læringsaktiviteten takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført. Retningslinjer for arbeidet vil liggje føre ved semesterstart.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Mappa består av:

3-4 praktiske arbeid og utprøvingar, prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.

Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel