MGUNA201 Naturfag 1, emne 2 - Fysikk og kjemi for grunnskulen
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Den levande naturen 1
- Fysikk og kjemi for grunnskolen
Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 5.-10. steg.
Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi, geologi og teknologi som er sentrale i naturfag for stega 5.-10. Studenten utviklar ferdigheit og generell kompetanse i å introdusere naturfag for elevane på mellom- og ungdomskuletrinn, og rettleie elevane i overgang mellom trinna. Utvikling av elevar si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen. Studenten lærer og å legge til rette for utforskande undervisning. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Emnet undervisast på engelsk om 3 eller fleire utvekslingsstudentar veljar emnet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
- har kunnskap om utrekning av stoffmengd og masse
- har kunnskap om bruk av ulike typar modeller for å forklare og konkretisere ulike fenomen i kjemi og fysikk
- har kunnskap om omgrepet energi kan knytte saman ulike fenomen innan fysikk og kjemi, og illustrere dette ved praktisk og variert undervisning
- har kunnskap om modellar for solsystemet og kan gjere greie for desse kan brukast til å forstå ulike fjerne og nære fenomen
- har kunnskap om bølger, lyd og lys, kjenner til forsøk og aktivitetar som kan forklarast med kunnskap om ulike bølgefenomen, til dømes drivhuseffekten
- har grunnleggande kunnskap om det geologiske kretsløp, platetektonikk og ytre krefter, og korleis geologi saman med fysikk og kjemi nyttast til å forstå klima og jordas utvikling over tid
- har kunnskap om vær og klima og kan knytte det til problemstillingar rundt utdanning for berekraft
- har grunnleggande kunnskap om teknologi og digitale verktøy knytt til naturfag, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
- har grunnleggande kunnskap om utforskande arbeidsmåtar og dette er knytt til elevane si utvikling av det naturfaglege språket
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre tverrfagleg undervisning som knytt saman fysikk, geofag, kjemi og teknologi
- kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
- kan gjere koplingar mellom observasjonar og modellar
- kan bruke naturfagleg kunnskap til enkel problemløysing
- kan gjennomføre naturfagleg undervisning med fokus på teknologi og programmering, og nytta relevante digitale verktøy
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan for å utvikle og vurdere eigen naturfagundervisning
- kan legge til rette over overgangen mellom skulens alderssteg
- kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- har innsikt i naturfag og naturfaglærars rolle i utdanning for berekraft
- har grunnleggande kunnskap om naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar som grunnlag for kritisk tenking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel å ha hatt naturfag (fysikk, kjemi og andre relevante fag) frå vidaregåande skule.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på barne- og mellomsteget.
Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å arbeide med lærestoffet gjennom kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennom semesteret skal studenten fortløpande ha obligatoriske læringsaktivitetar som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:
- Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart.
- Deltaking og journalføring frå tre praktiske øvingar
- Munnleg framlegg av praksisarbeid
- To didaktiske arbeid, kor minst eitt arbeid vil inkludere bruk av digitalt utstyr og eitt arbeid vil væra i samband med undervising ute
Nærare omtale og retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil vere klare ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 6 timar.
Alle delar av eksamen (kjemi, fysikk og geofag) må vere bestått.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Tabellar og formlar i fysikk og kjemi, kalkulator.
Meir om hjelpemiddel