MGUNA302 Naturfag 2, emne 1 – Fysikk og kjemi i utdanning for berekraft
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Naturfag 2 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Naturfag 2, emne 1 - Fysikk og kjemi i utdanning for berekraft
- Naturfag 2, emne 2 - Den levande naturen, framhald + FoU-oppgåve
Begge emna er lagt til vårsemesteret tredje studieår. Det vert lagt til rette for utveksling dette semesteret.
Naturfag 2 supplerer naturfag 1 både i breidde og djupne. Miljø og berekraftig utvikling vert vektlagt i kurset.
Fag og didaktikk vert sett på i samanheng og emna som takast opp skal gje fagleg og didaktisk tryggleik for arbeid med sentrale område av naturfaget for steg 5. til 10. i grunnskulen.
Naturfag 2 emne 1 bygger på naturfag 1 emne 2.
Gjennom dette emnet får du djupare kunnskap innan fysikk og kjemi. Kunnskap innan desse områda vert knytt til teknologi og miljø- og klimaspørsmål. Du lærer å bygge progresjon frå byrjaropplæringa til innlæring av meir avanserte og komplekse omgrepsstrukturar. Du vidareutviklar og eiga evne til å leie utforskande arbeid og å vidareutvikle elevar sine utforskande ferdigheiter. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Emnet undervisast på engelsk om 3 eller fleire utvekslingsstudentar veljar emnet.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om ulike stoff sine kretsløp i naturen og deira rolle i menneskapte endringar i naturen
- har kunnskap om organiske stoff som vi bruker i kvardagen
- har utdjupande kunnskap om kjemiske reaksjonar og utrekning av konsentrasjonar og tillaging av løysingar
- har kunnskap om korleis kontekstbaserte undervisningsformer kan verte knytt til naturfaglege, etiske, og miljømessige problemstillingar
- har kunnskap om elektronikk, gravitasjon og elektromagnetisme knytt til produksjon av elektrisk energi
- har kunnskap om korleis modeller i fysikken utvikla seg på 1900-talet og korleis dette skapa ny innsikt om verda frå dei minste til dei største storleikar
- har kunnskap om korleis naturvitskapen har utvikla ulike modellar og korleis slike modellar blir brukt til å forstå naturvitskaplege idear
- har utdjupande kunnskap om utforskande undervisning og kan knytte det til naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar
Ferdigheiter
Studenten
- kan handtere kjemikaliar og lage kjemiske blandingar og løysingar
- kan vurdere usikkerheit og feilkjelder i målingar
- kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi i samband med problemstillingar knytt til teknologi og samfunn
- kan leggje til rette for kreativ, praktisk utforskande undervising i naturfag som gjev god progresjon mellom ulike steg
- kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar i naturfag
- kan finne, vurdere og vise til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking, informasjon og fagstoff og bruke dette i undervisning og drøfting med kollegaer
Generell kompetanse
Studenten
- har ei forskingsbasert tilnærming til eigen praksis som naturfaglærar
- har innsikt i naturfaget si særskilte rolle som allmenndannande fag
- kan knyte eiga rolle som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som angår naturvitskap og teknologi i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Naturfag 1, emne 2 - Fysikk og kjemi for grunnskulen eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på barnesteget.
Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å kollokvere om lærestoffet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennom semesteret skal studenten fortløpande ha obligatoriske læringsaktivitetar som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:
- Oppgåve knyta til praksis
- Uteundervisning med bruk av digital verktøy
- Besøk ved ein lokal verksemd og skrive eit refleksjonsnotat
- Deltaking i undervisning knyta til ein sosiovitskapeleg fråge og skrive eit refleksjonsnotat
- Rapportar frå forsøk:
- om tillaging av løysningar
- om syrer og baser
- om organisk kjemi med modeller
- innan eit tema frå fysikken
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 min.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Tabellar og formlar i fysikk og kjemi
Kalkulator
Meir om hjelpemiddel