MGUPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane god forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
I dette emnet er det didaktiske møtet mellom elev, lærar og lærestoff sentralt. Kandidaten skal få kunnskap om den sosiale, faglege og personlege læringa og utviklinga til elevane, og innsikt i korleis ein legg til rette for gode læringsprosessar hjå elevane. Emnet er det første av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap, og er lagt til haustsemesteret første studieår. Tema i emnet:
- Introduksjon til pedagogikk som fag og forskingsfelt nasjonalt og internasjonalt
- Lærarrolla og klasseleiing
- Didaktisk arbeid og vurderingsformer
- Læring, motivasjon og utvikling
- Observasjon som forskingsmetode
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om skulen og læraren sitt mandat
- har kunnskap om læring, motivasjon og born og unge si utvikling
- har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp og varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
- har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter
- har kunnskap om klasseleiing og korleis læraren sin relasjonskompetanse kan påverke læringsmiljøet
- har kunnskap om korleis praktiske og estetiske læringsprosessar kan påverke trivsel og læring
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon
- kan nytte forskings- og teoribasert kunnskap om læring, utvikling og klasseleiing
- kan planlegge, analysere og vurdere ulike undervisningssituasjonar
- kan anvende fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring, grunnleggande ferdigheiter og undervisning
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte forskings - og teoribasert kunnskap og gjere koplingar mellom teori og praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning varierer mellom forelesingar, seminar, individuelt arbeid og arbeid i grupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer og refleksjon knytta til det å skape samanheng mellom forskingsbasert og erfaringsbaserte kunnskapsformer som inngår i utdanninga. Dette kan omfatte både øvingar på høgskulen og utprøving i praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande krav må være godkjent for at studenten skal kunne meldast opp til eksamen:
- Det er krav om frammøte i minst 80% av den studentaktive undervisinga i emnet. Det vil sei at det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper.
- Læringsmappe: Den enkelte student skal legge inn minimum 4 (fire) obligatoriske læringsaktivitetar i Canvas i løpet av semesteret. Ein av læringsaktivitetane skal knyttast til observasjon. Læringsaktivitetane skal være levert til oppsett tid som blir satt i semesterplanen. Dersom dei obligatoriske læringsaktivitetane ikkje blir levert til fristane, vert læringsmappa vurdert som "ikkje levert".
Innleverte læringsaktivitetar kan nyttast i vurderingsmappa (eksamensmappa).
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang), eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Vurderingsmappa skal vere samansett av eit utval elementer frå læringsmappa i tillegg til ein overbyggande tekst. Dette dannar grunnlag for fastsetting av karakter. Vurderingsmappa skal dokumentere fagleg breidde og refleksjonar knytta til arbeidet med læringsutbytteskildringane i emnet.
Vurderingsmappa skal vere samansett av:
- 2 (to) studentvalde og 1 (eitt) lærarvalt arbeid. Desse hentast frå læringsaktivitetane i læringsmappa. Studenten skal ha fått moglegheit til å revidere arbeida etter tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar.
- 1 (ein) overbyggande tekst/kappe som viser kandidaten sin profesjonelle utvikling og arbeida sin relevans sett opp imot læringsutbytteskildringane.
Alle dei 4 (fire) elementa i vurderingsmappa må vurderast som bestått for at kandidaten skal få godkjent vurderingsmappa. Ved ikkje bestått vurderingsmappe kan det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen en gang.
Kriterier for vurderingsmappa blir gitt.
Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Ved klage blir heile vurderingsmappa sendt til ny sensur. Ved ny eksamen skal det leverast ei individuelt omarbeida vurderingsmappe.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel