Hopp til innhald

MGUSA231 Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda, historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis studenten ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse temaa i skulen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeid med kompetansemål i samfunnsfag på mellom- og ungdomstrinnet
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering
  • har kunnskap om digitale kjelder og kjeldekritikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • kan reflektere over planlegging, leiing og vurdering av læringsarbeid som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellom- og ungdomstrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet blir tilbydt som vestlandsklasse. Undervisninga vil bli lagt opp med digital undervisning og fysiske samlingar på campus.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har to obligatoriske læringsaktivitetar:

  • Den eine vil vere ei gruppeoppgåve med eit digitalt produkt som studentane skal utarbeide og presentere for kvarandre. Nærare retningslinjer vil bli gitt ved semesteroppstart.
  • Den andre læringsaktiviteten er ei individuell oppgåve. Nærare retningslinjer vil bli gitt ved semesteroppstart.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gong) eller utføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden startar.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Oppgåva skal vere på 3000 ord.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel