Hopp til innhald

MKUF501D Musikkfagleg profesjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet har fokus på sentrale tema innan musikkpedagogisk, musikkdidaktisk, estetisk og kunstnarisk verksemd. Studentane skal gjennom litteraturstudiar, tekstproduksjon og praktisk, skapande arbeid gjera seg kjent med teoriar, omgrep, perspektiv og debattar innan desse fag- og forskingsfelta. Koplinga mellom teoretisk og praktisk arbeid står sentralt i emnet. Det er eit viktig poeng at ein legg til rette for at studenten skal gjerast i stand til å sjå samanhengar mellom forskingsbasert kunnskap og eigen profesjonsidentitet, til dømes gjennom produksjon av podcast eller utarbeiding av fagessay. I emnet blir det lagt vekt på studentaktive læringsformer og sjølvstendig og kritisk bearbeiding av pensum.

Emnet blir avslutta med mappevurdering der studentane legg inn arbeid dei har jobba fram gjennom semesteret. I emnet er det lagt inn obligatoriske læringsaktivitetar knytt til praktisk, skapande arbeid og til refleksjonsarbeid, formidla i ulike format, basert på pensumlitteratur. Studenten møter litteratur på norsk og engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om musikkpedagogikk som fagområde og forskingsfelt
  • har inngåande kunnskap om musikkdidaktisk teori og praksis
  • har inngåande kunnskap om fagdidaktiske og musikkpedagogiske grunnlagsproblem
  • har inngåande kunnskap om estetiske læreprosessar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke, drøfte og vurdere kritisk vitskaplege tekstar og forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet og relatere arbeida til det musikkpedagogiske og fagdidaktiske feltet
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet sine tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • kan arbeide praktisk og reflektere over eigen musikkutøving i lys av teoriar om kreativitet og/eller improvisasjon
  • kan anvende relevant teknologi i formidling av og arbeid med musikkpedagogiske, fagdidaktiske og/eller kunstnariske tema

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere skriftleg og munnleg om musikkpedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar og tema på ein analytisk og systematisk måte
  • kan formidle sjølvstendig arbeid til forskingsmiljø og praksisfelt og meistre uttrykksformene innan fagområdet
  • kan analysere og kritisk vurdere didaktiske og kunstnariske praksiser innanfor fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom gruppearbeid, forelesingar, litteraturstudiar, praktisk arbeid, rettleiing, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Eit praktisk, utøvande arbeid
  • Refleksjonstekst knytt til det utøvande arbeidet
  • Gjennomføring av oppgåver som førebuing til samlingar og framlegging av arbeid på samlingar og nettmøter
  • Publisering av tre blogginnlegg basert på pensumlitteratur

Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart.

Vurderingsform

Mappeeksamen.

Innhald:

  • Ein refleksjonstekst eller fagessay basert på bloggtekstar og pensumlitteratur
  • Podcastproduksjon eller populærvitskapleg presentasjon knytt til sjølvvalt profesjonsarena

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel