MKUF502D Musikkdidaktiske og kunstfaglege forskingsformer
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I emnet skal studentane arbeide vidare med musikkpedagogisk, musikkdidaktisk og kunstnarisk tematikk. Arbeidet i emnet skal gi studentane ei brei base som grunnlag for vidare arbeid i masterstudiet gjennom fokus på forskings- og utviklingsarbeid, teoretisk kunnskap og praktisk, utøvande verksemd. Sentralt i emnet står førebuing til skriftleg heimeeksamen og arbeid med å skape eit praktisk prosjekt der studentane blir utfordra til å reflektere over eigen utøvande verksemd med utgangspunkt i relevant litteratur knytt til relasjonell estetikk, kunstfaglege forskingsformer og kreativitetsteori.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap om problemområde i det musikkpedagogiske og fagdidaktiske forskingsfeltet
- har inngåande kunnskap om musikkpedagogisk praksis i skule og fritidsmusikkliv
- har inngåande kunnskap om ulike sider ved vitskapleg, kunstnarisk og estetisk argumentasjon, refleksjon og teoriutvikling knytt til musikkfaget
- har inngåande kunnskap om kunstfaglege forskingsformer og kunstnarisk arbeid i skule og fritidsmusikkliv, praktisk og teoretisk
- har inngåande kunnskap om kunstnariske produksjonsprosessar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke relevante arbeidsmetodar for innsamling og generering av datamateriale og innan musikkopplæring og kunstnarisk produksjon
- kan analysere, drøfte og kritisk vurdere musikkpedagogisk, musikkdidaktisk og kunstnarleg forskingsarbeid og forskingslitteratur
- kan planlegge, gjennomføre og samarbeide om kreative kunstnariske utviklingsprosessar og reflektere kritisk rundt eige skapande arbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
- kan meistre fagområdet sine uttrykksformer
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MKUF501D: Musikkfaglig profesjonsutvikling
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil vera samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom gruppearbeid, forelesingar, litteraturstudiar, praktisk arbeid, rettleiing, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføring av oppgåver som førebuing til samlingar og framlegging av arbeid på samlingar og nettmøter
- Aktiv deltaking på obligatorisk undervisning og øvingar i samband med praktisk prosjekt
- Obligatorisk kollokviearbeid mellom mastersamlingane. Arbeidet skal dokumenterast med logg eller referat
Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart.
Vurderingsform
- Individuell heimeeksamen (40 %)
- Praktisk eksamen (60 %)
Praktisk eksamen blir gjennomført i gruppe. Studentane skal i tillegg levere individuell forskingsbasert refleksjonstekst. Studenten får individuell karakter basert på praktisk arbeid og refleksjonstekst.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel