MKUF503 Estetikk og kreativitet
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I emnet skal studentane arbeide med ulike tilnærmingar til kreativitet og estetikk knytt til kunstfaga. Gjennom praktisk arbeid, teoretisk fordjuping, tekstproduksjon og andre arbeidsmåtar vil studentane få erfaring med og innblikk i kreativitetspedagogikk og estetiske teoriar og praksis med særleg vekt på formidlingsarbeid.
Deler av arbeidet vil bli sentrert rundt eit fleirfagleg praktisk prosjekt som saman med resten av innhaldet i emnet skal danne grunnlag for studentane sine refleksjonar knytt til estetiske og kreative læreprosessar og deira eigenart, bruksområde og relevans innan studieretningsfaga.
Emnet vil byggje på aktuelle faglege og fagdidaktiske problemstillingar, nyare forsking og utviklingsarbeid.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap om kreativitetspedagogikk og kan reflektere over kreative prosessar og bruk av digitale verktøy innanfor dette feltet
- har inngåande kunnskap om kulturhistoriske og samtidsaktuelle estetiske teoriar samt estetiske uttrykksformer, omgrep og praksis
- har inngåande kunnskap om korleis estetisk teoriar og kreativitetsteoriar kan opplyse og relaterast til didaktisk arbeid og formidlingsarbeid i kunstfaga
- har inngåande kunnskap om relasjonelle og deltakarbaserte kunstfaglege prosessar
Ferdigheiter
Studenten
- kan utforme og systematisk analysere estetiske og kreative læreprosessar med utgangspunkt i eige studieretningsfag og i fleirfagleg samarbeid med representantar frå ulike kunstdisiplinar
- kan nytte og vurdere kreative fenomen som til dømes improvisasjon og arbeide kvalifisert og aktivt med idèutvikling som kreativ ferdigheit på ein sjølvstendig måte
- kan planlegge, skape og gjennomføre fleirfagleg estetisk prosjekt
- kan drøfte og reflektere kritisk over aktuelle problemstillingar knytt til estetiske og kreative praksisar
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte kunnskapar og ferdigheiter knytt til estetiske og kreative læreprosessar på nye områder og integrere desse i det vidare arbeidet i studiet
- kan bruke fleirfaglege arbeidsmåtar og digitale verktøy i kreative gruppeprosessar
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter om estetikk og kreativitetspedagogikk som utgangspunkt for nytenking og innovasjon
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MKUF501A og MKUF502A
eller
MKUF501B og MKUF502B
eller
MKUF501C og MKUF502C
eller
MKUF501D og MKUF502D
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil vere samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk verkstad, forelesingar, prosjektarbeid i gruppe, rettleiing, studentframlegg og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Eit skriftleg arbeid med fokus på estetiske teoriar og kreativitetspedagogikk (individuelt eller i par)
- Gjennomføring av oppgåver som førebuing til samlingar og framlegging av arbeid på samlingar og i nettmøter
- Aktiv deltaking på obligatorisk undervisning og øvingar i gruppe i samband med praktisk prosjekt
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg melding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte frister, men seinast tre veker før eksamensperioden starter.
Nærare retningsliner for læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart.
Vurderingsform
Praktisk eksamen.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel