Hopp til innhald

MKUF504 Vitskapsteori og metode

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir inngåande innsikt i vitskapsteori, metode og akademisk tekstarbeid innanfor kunstfaga. I emnet skal studentane arbeide med relevante vitskapsteoretiske omgrep, problemstillingar og analysemåtar, forskingstradisjonar og metodar innanfor kunstfagdidaktikk og formidlingsarbeid. Emnet skal gi studentane grunnlag for å lese, tolke og kritisk vurdere fag- og forskingslitteratur og gjennomføre eit sjølvstendig og kvalifisert masterarbeid seinare i studiet. Akademisk skriving vil vere del av emnet. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse :

Kunnskap 

Studenten

  • har inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske retningar 
  • har inngåande kunnskap om sentrale forskingsmetodar innanfor kunstfagdidaktisk og kunstbasert forsking 
  • har inngåande kunnskap om kunstfaglege forskingsformer 
  • har inngåande kunnskap om forskingsetikk 
  • har inngåande kunnskap om akademisk skriving 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan analysere og drøfte kritisk akademiske tekstar og kunstnariske uttrykk 
  • kan formulere forskingsspørsmål og relatere desse til aktuelle forskingsmetodar og teoretiske perspektiv 
  • kan nytte relevante teknologiske verktøy for innsamling, generering og systematisk analyse av forskingsmateriale 
  • kan velje relevant teori og utvikle eit forskingsdesign 

Generell kompetanse  

Studenten

  • kan kommunisere skriftleg og munnleg om kunstfagdidaktisk og formidlingsbasert forsking på eit analytisk og kritisk nivå 
  • kan drøfte forskingsetiske problemstillingar 
  • kan nytte vitskaplege og kunstfaglege omgrep og bruke desse i faglege resonnement 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MKUF503 og studieretningsemne 1 (MKUF501A, MKUF501B, MKUF501C eller MKUF501D)

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vera samlingsbasert og nettstøtta. Opplegget inneheld forelesingar, rettleiing, seminarverksemd, nettdiskusjonar og bruk av nettbaserte ressursar. Det er forventa at studentane bidreg med seminar- og prosjektframlegg og deltek aktivt i undervisning, gruppeaktivitetar og sjølvstendige litteraturstudiar.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Innlevering av problemstilling og disposisjon som førebuing til arbeidet med prosjektskisse  i fellesemne 3 
  • Munnleg presentasjon på masterseminar  knytt til vitskapsteoretiske og/eller forskingsmetodiske tema i ein forskingsartikkel. Fleire studentar skal samarbeide om oppgåva.  
  • Obligatorisk deltaking på mastersamlingar i emnet.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg melding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte frister, men seinast tre veker før eksamensperioden starter.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart.

Vurderingsform

Semesteroppgåve. 

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. 

Det er mogeleg å levere forbetra versjon av oppgåva i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel