NOB801N Norsk 1, emne 1 - Norsk i begynnaropplæringa
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Norsk 1, 1.-7. steg er eit vidaregåande kurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.
Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7. steg. NOB801N gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den første lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er:
- Kva er norskfaget?
- Omgrepet tekst
- Grunnleggjande lese- og skriveopplæring
- Biletbøker og barnelitteratur
- Elevtekstanalyse, med hovudvekt på småskulesteget
- Språket som system/grammatikk, med vekt på fonetikk/fonologi og morfologi
- Barns språkutvikling
- Norsk som andrespråk
- Kjeldebruk, tekstbehandling, oppgåveskriving
Begge emna samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på barne- og mellomsteget.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
- har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for 1.-4. steget.
- har kunnskap om nyare litteratur for barn i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål
- har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskap om korleis ein kan tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader
- har kunnskap om vurdering av læremiddel
- har kunnskap om den gjeldande planen for norskfaget i skulen
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa frå 1.-7. steg, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan leggje til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og ut frå læringsutbytet til elevane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjera greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar
- kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar
- kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle klassemiljø
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
- kan skrive akademisk tekst
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I starten av semesteret vert studentane delt inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret. Dette kurset er eit reint nettbasert kurs, og det fordrar at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si. Kurset nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som aukar studentane sin digitale kompetanse
Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.
Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid. I alle har studenten ei aktiv rolle anten ved å skrive eller tale, og aktivitetane er viktig førebuingsarbeid fram mot eksamen.
1. Akademisk tekst. Respons. Gruppeinnlevering
Den obligatoriske læringsaktiviteten er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for 1.-4. steget", " -kan skrive akademisk" og " - kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar".
2. Fagtekst. Individuell innlevering
Den obligatoriske læringsaktiviteten er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes « - har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg" og " - har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa".
3. Video, munnleg arbeid. Gruppeinnlevering
Den obligatoriske læringsaktiviteten er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes « -har kunnskap om nyare litteratur for barn i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål" og " -kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag".
Både nynorsk og bokmål skal nyttast.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester. Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 1 veke. Eksamen vil ha 2 oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50% og begge må vere bestått for å få karakter i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel