Hopp til innhald

NOB802N Norsk 1, emne 2 - Norsk på mellomsteget

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Norsk 1, 1.-7. steg er eit vidareutdanningskurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.

Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7.steg. NOB802N gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet.

Undervisinga vil leggje vekt på korleis dei fagovergripande emna i Fagfornyinga kan bli integrerte i arbeidsmåtar som involverer lesing, skriving, munnlege aktivitetar og digitale ferdigheiter, og som også kan knytast til ulike kjerneelement i den nye norskplanen. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål, respons og vurdering, arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Norsk 1 emne 2 legg også vekt på at studentane skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.

Begge emna samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på små- og mellomsteget.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for mellomsteget
  • har god kunnskap om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine.
  • har god kunnskap om lesing og lesestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikla leseforståinga og leseferdigheitene sine
  • har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne
  • har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskap om samiske språk, litteratur og kultur
  • har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot barn og ungdom
  • har kunnskap om kva som skal til for å tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val
  • kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1.-7. steg, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn og unge i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
  • kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
  • kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
  • kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
  • meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.

Generell kompetanse

Studenten

  • har erfaring med analyse og arbeid med læreplanen
  • kan nytte læreplanen for å formulere mål for og vurdering av opplæringa
  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon og nytte denne kunnskapen til å tilpasse opplæringa for elevane
  • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan reflektere over kva den digitale utviklinga betyr for innhaldet i faget og arbeidsmetodar i skulen
  • kan tilpassa undervisninga til elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Emne 2 går over eitt semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Zoom.

Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.

Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.

Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid. I alle har studenten ei aktiv rolle anten ved å skrive eller tale, og aktivitetane er viktig førebuingsarbeid fram mot eksamen.

1. Individuelt refleksjonsnotat

2. Videoinnlevering i gruppe

Dei obligatoriske læringsaktivitane 1 og 2 er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «Studenten kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val" og " - kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar"

3. Plakat, gruppeinnlevering

4. Lærebokoppslag med skriveoppgåve, gruppeinnlevering

Dei obligatoriske læringsaktivitane 3 og 4 er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «Studenten har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv" og " - kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer ".

Både nynorsk og bokmål skal nyttast i læringsaktivitetane.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester.

Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.

Vurderingsform

  • Del 1: Individuell mappevurdering med to fagtekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk. Tel 60 % av endeleg karakter.
  • Del 2: Oppgave i gruppe i form av videoinnlevering. Tel 40 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Ved ikkje bestått på individuell mappevurdering (del 1) kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Dersom oppgåva i form av videoinnlevering (del 2) ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel