Hopp til innhald

PHD916 Ansvarleg leiing av kunnskapsutvikling - å etablere endringsagentar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er ein valfri del av ph.d.-studiet Studiar av danning og didaktiske praksisar og eit grunnkurs ved forskarskulen NORBARN. Emnet er primært retta mot PhD-kandidatar med prosjekt innan barnehagefeltet. Med mål om å legge til rette for overførbare ferdigheiter får studentane innføring i og øving med praktiske tilnærmingar til korleis ein kan etablere seg sjølv og andre som endringsagentar, blant anna ved å lage ei politikkanbefaling (kunnskapsbaserte forslag til handling, ‘policy brief’) ut frå tema i eige PhD-prosjekt. Mottakar kan vere internasjonale organisasjonar som til dømes UNICEF, OMEP, nasjonale grasrotorganisasjonar som til dømes FUB, Naturvernforbundet, Storbynettverket, eller offentlege forvaltningsorgan som Udir.

Teoriar om systemiske og verdibaserte tilnærmingar til leiing i danningsperspektiv blir diskutert og problematisert. Kvalitetsutvikling som ideologi, omgrep og (politisk) praksis, og identifisering av aktørar (menneskelege, ideologiske, materielle, kunnskap, osb. ) som driv endringar, blir teoretisert og problematisert.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan bidra med ny forståing av teoriar om systemisk leiing, kvalitet og endring
  • kan vurdere hensiktsmessig bruk av politikkanbefalingar (‘policy brief’)
  • er i forskingsfronten når det gjeld utvikling av kunnskap om nordiske modellar for leiing, barnehagepolitikk og forvalting

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere, diskutere og problematisere ideologiar og diskursar om leiing, kvalitet, samarbeid og endring
  • kan skrive ein politikkanbefaling (‘policy brief’) som kommuniserer godt til mottakar
  • kan handtere komplekse akademiske tema og utfordre etablert kunnskap i feltet ved identifisere korleis og kvar ein kan påverke innhald og arbeidsmåtar i barnehagar, i barnehagelærarutdanninga eller i barnehagepolitikken

Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere etiske sider og konsekvensar av eige og andre sine forskingsprosjekt i danningsperspektiv
  • kan kommunisere på måtar som gjer at forskingskunnskap blir kjent i samfunnet
  • kan vurdere behovet for og initiere praktisk leiing og endring for innovasjon i det nordiske barnehagefeltet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Kurset går over enten ein firedagars samanhengande periode, eller to + to dagar, med digitale møter i mellomperioden. Arbeidsmetodane inkluderer forelesingar, diskusjonar, verkstadar og studentpresentasjonar. Det er forventa at kandidaten deltek aktivt på samlingane og bidreg både med å vise utvikling av eigen kunnskap og til utvikling av andre sin kunnskap.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Oppgåve i form av ein individuell tekst der ein lagar ei politikkanbefaling. I tillegg til sjølve politikkanbefalinga må kandidaten knyte innhaldet til teoriar om systemisk leiing, kvalitet og endring i danningsperspektiv. Kven som skal vere mottakar av politikkanbefalinga må underbyggjast med tilvising til innhaldet i briefet og den kulturelle, organisatoriske og politisk kontekst der ein vil påverke. Teksten skal ha eit omfang på 3000 - 4000 ord.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Vurderinga blir gjort av intern og ekstern sensor i tråd med læringsutbytteskildringar i emnet.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel