PL413 Miljø- og forvaltningsrett
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Hovuddelen av dette emnet tek føre seg sentrale lover og verkemiddel i norsk miljø- og naturforvaltning, samt overordna prinsipp og bakgrunn for forvaltning av miljø og natur. Om lag 1/4 av emnet er ei grunnleggjande innføring i offentleg forvaltning retta mot forvaltningslova og offentleglova.
Det vert lagt vekt på ei praktisk og yrkesretta tilnærming til stoffet. Studentane får innsikt i den praktiske kvardagen i deler av forvaltninga gjennom møter med representantar for offentleg forvaltning, og dei får øving i sakshandsaming.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har kunnskap om:
- mål, prinsipp og verkemiddel innan sentrale delar av norsk miljøforvaltning.
- juridiske grunnomgrep, rettskjeldelære og juridisk metode.
- offentleg forvaltning etter forvaltningslova og offentleglova: reglane i forvaltningslova og offentleglova om saksførebuing, habilitet, innsynsrett og klage.
- offentleg forvaltning og avveging av omsyn etter naturmangfaldlova, forureiningslova, produktkontrollova, skogbrukslova, friluftslova, motorferdslelova, vassdragslovgjevinga og miljøinformasjonslova.
Ferdigheiter
Studenten kan:
- utføre offentleg sakshandsaming innanfor natur- og miljøforvaltning.
- bruke rettskjelder til å vurdere miljøsaker.
Generell kompetanse
Studentane har god forståing:
- av sentrale sakshandsamingsreglar i offentleg forvaltning.
- for rolla den offentlege forvaltninga har i samfunnet.
- for viktige målsetjingar innan miljø- og naturforvaltning.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PL417 Arealplanlegging eller tilsvarande.
Grunnleggande kunnskap om økologi og miljøvern er ønskjeleg.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, videoforelesingar, seminar og gruppearbeid
Oppgåveløysing og arbeidskrav i gruppe og individuelt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Krav for å få gå opp til eksamen:
Godkjent skriftleg arbeidskrav (1 gruppeinnlevering og medstudentrespons)
Godkjent deltaking i 6-7 obligatoriske seminar. Eventuelt fråvær må vere avklart med emneansvarleg i god tid før seminaret startar.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel