Hopp til innhald

PL417 Arealplanlegging

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Innføring i kommunal planlegging etter plan- og bygningslova med hovudvekt på kommuneplanens arealdel og bærekraftig planlegging i distriktskommuner. Politiske målsettingar, lovgrunnlag og metoder for fysisk planlegging vert gjennomgått med vekt på krav til innhald, plansystem og planprosessar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane kjenner til:

  • sentrale problemstillingar i fysisk oversiktsplanlegging og utfordringar knytt til berekraftig planlegging.
  • kommunen sine oppgåver, roller og plass i styringssystemet.
  • Plan- og bygningslova; plansystemet og krav til planinnhald, utgreiingar og planprosessar på kommuneplannivå.

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • utarbeide grunnlagsmateriale til kommunale planar.
  • utføre ROS-analyse for naturfarer og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.

Generell kompetanse

Studentane kan:

  • forstå, vurdere og bruke kommuneplanar.
  • delta i planprosessar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på GE-413 Kartlære og GIS og PL 416 Landskapsanalyse

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar.

Synfaring

Individuell oppgåve

Praktisk prosjektarbeid i gruppe.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Individuell oppgåve over to-tre veker der ein skal hente ut info frå kommuneplanar og gjere enkel Ros-analyse av naturfarar i eit sjølvald område.

2) Øving og gruppeoppgåve med konsekvensutgreiing av framlegg til nye utbyggingsområde i kommuneplanen sin arealdel (KPA) i eit konkret case.

Begge oppgåvene må leverast på canvas innan fastsett frist og vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakaterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Nødvendige nettsider vil bli gjort tilgjengeleg

Meir om hjelpemiddel