Hopp til innhald

PL418 Reguleringsplanlegging

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar reguleringsplanar som verktøy i fysisk planlegging med vekt på planlegging av bustadområde og planprosessar for private detaljreguleringsplanar. Det vert gjeve opplæring i GIS-LINE og digitale plankart og utarbeidd ein komplett reguleringsplan

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne bruke reguleringsplanar som verkty i fysisk planlegging.
  • ha god oversikt over planprosessar og ulike roller og aktørar.
  • ha kontroll på krav til innhald og planframstilling.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • analysere planområde.
  • utarbeide enkle reguleringsplanar for mindre bustadområde.
  • utarbeide digitale plankart ved bruk av GISLINE.

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå og kunne bruke reguleringsplanar.
  • kunne delta og gje faglege innspel i planprosessar.

Krav til forkunnskapar

Studenten skal ha oppnådd eksamensrett i PL417 Arealplanlegging

Tilrådde forkunnskapar

PL416 Landskapsanalyse og PL 412 Landskapsinngrep

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar. Praktisk prosjektarbeid i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Kurs i GISLINE eller eit liknande teikneprogram og utarbeiding av digitalt plankart - individuell oppgåve.

Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Prosjektoppgåve i gruppe på 3 - 4 studentar.

Karakterskala: A-F

Ved stryk eller ynskje om forbetring av karakter, må ny oppgåve løysast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel