Hopp til innhald

PL471 Kulturmiljøforvaltning

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet kombinerer kunnskap om kulturarv og kulturmiljø, med praktiske oppgåver og øvingar knytt til kulturmiljøforvalting. Studenten får innsikt i kulturmiljøverdiar knytt til ulike kulturelle grupper, ulike historiske epokar og ulike geografiske kontekstar. Vidare lærer studenten å kjenne att og skildre kulturmiljøverdiar i norske bygg og landskap. Underliggande i dette, får studenten også innsikt i historiske trekk og viktige aktørar i norsk kulturmiljøforvalting, og korleis kulturmiljø kan brukast som ein ressurs for lokal stadutvikling, identitet og verdiskaping. Ved å ta utgangspunkt i studentane sine bakgrunnar søker emnet å bygge vidare på eksisterande kunnskap, og skape engasjement gjennom dette.

Dei praktiske øvingane i emnet er retta mot lokal kulturmiljøforvalting. Studentane vil arbeide med registrering, verdivurdering, databasar, planar og lovverk. Ekskursjonane gir innblikk i fysiske miljø der kulturminne speler ei viktig rolle.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har:

  • god forståing for korleis ein kan nytte kulturmiljø som ressursar i lokal utvikling
  • kjennskap til sentrale historiske trekk og viktige aktørar i norsk kulturmiljøforvaltning
  • god forståing for samanhengen mellom arealplanlegging og kulturmiljøforvalting
  • kjennskap til sentrale føresegner i kulturminnelova og plan- og bygningslova

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • kjenne att og skildre sentrale kulturmiljøverdiar i norske bygg og landskap
  • bruke sentrale databasar til å innhente opplysningar om kulturmiljøverdiar
  • gi råd om forvalting av kulturmiljø i samband med kommunal planlegging
  • delta aktivt i registrering og verdisetjing av kulturminne

Generell kompetanse

Studenten:

  • har trening i å skrive og omarbeide ei akademisk oppgåve
  • har øving i å søke opp og nytte relevant litteratur i oppgåveskriving
  • kan lese og gi konstruktiv tilbakemelding til medstudentar
  • har trening i argumentasjon og i å diskutere fagstoff

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Ekskursjonar
  • Øvingar og oppgåver
  • Diskusjonar og presentasjonar
  • Rettleiing på eksamensoppgåve

Obligatorisk læringsaktivitet

Skriftlege arbeidskrav

  • 2 innleveringar av utkast til gruppeeksamensoppgåve
  • Lese og gi tilbakemelding på 1-2 grupper sine utkast til eksamensoppgåve

Obligatorisk undervisning

  • 2 ekskursjonar
  • 2-4 skriveseminar med rettleiing

Fråver frå obligatorisk læringsaktivitet må avklarast med emneansvarleg god tid i forkant

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve (35 %)

Individuell munnleg eksamen (65 %)

Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge deleksamenar må vere bestått for at emnet skal bli bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg gruppeoppgåve: Alle

Munnleg eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PL471 - Kulturlandskap og kulturarv - Reduksjon: 10 studiepoeng