PL491 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Oppgåva kan vere naturvitskapeleg eller ha planfagleg karakter. Oppgåva må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og -kapasitet ved Instituttet, og kan bli knytt opp mot oppdrag og forskningsprosjekt som instituttet er engasjert i, eller i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Studenten skal kjenne til dei viktigaste fasane i gjennomføring av eit sjølvstendig prosjektarbeid.
- Studenten skal ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde.
Ferdigheiter
- Studenten skal kunne gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid.
- Studenten skal kunne gjennomføre innsamling av datamateriale.
- Studenten skal kunne gjennomføre syntese-/analysearbeid.
- Studenten skal kunne presentere eit sjølvstendig arbeid skriftleg og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar.
- Studenten skal kunne søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar.
- Studenten skal kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.
Generell kompetanse
Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve skal kandidaten kunne gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige naturfaglege, landskapsøkologiske, samfunnmessige og planfaglige tema. Kandidaten skal kunne å definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte, inkludert kjeldekritikk, og vere i stand til å kunne gi ei balansert framstilling av temaet. Kandidaten veit korleis ein fagrapport skal byggast opp og presenterast, og kunne formidle hovudtrekka i ein fagrapport på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav
Tilrådde forkunnskapar
Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.
Forslag til bacheloroppgåver vert presentert for studentane på eit møte, og studentane får ein frist for å komme med ynskje om kva oppgåve dei vil ha. Oppgåvene vert fordelt etter ei samla vurdering.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på bachelorseminar.
Munnleg gruppepresentasjon av Bacheloropgåva før innleveringsfristen.
Vurderingsform
Bacheloroppgåve.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel