PS1-300 Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emnet blir omgrep, ulike teoriar og modellar knytt til psykisk helsearbeid belyst. Emnet inneheld òg behandling og innsikt i korleis psykiske helseproblem og liding kan oppstå. Tema er:
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid som teoretisk og praktisk kunnskapsfelt
- Psykisk helsearbeid/ psykisk helsevern
- Komorbide tilstandar i rus/psykisk liding
- Myndiggjering, meistring og resiliens
- Psykososiale behandlingsmetodar i psykisk helsearbeid og rusbehandling
- Rettleiing og rettleiarrolla
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap: Studenten...
- har avansert kunnskap om psykisk helsearbeid som kunnskapsfelt
- har inngåande kunnskap om komorbide tilstandar i rus/psykisk liding
- har avansert kunnskap om forskings- og erfaringsbaserte behandlingsformer for rus og psykiske lidingar
Ferdigheiter: Studenten...
- kan nytte kunnskap om sentrale teoriar og forskingsresultat i psykisk helsearbeid
- kan nytte anerkjent kunnskap om rus og psykiske lidingar og behandling på ein sjølvstendig måte
- kan grunngi og nytte kunnskap om myndiggjering, meistring og resiliens på ein sjølvstendig måte
Generell kompetanse: Studenten...
- kan analysere relevante faglege og yrkesmessige utfordringar med bakgrunn i teori og brukar sine individuelle behov
- kan nytte anerkjent kunnskap om rus og psykiske lidingar, og kommunisere faglege problemstillingar med fagpersonar og andre
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar, sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:
1. Ei individuell skriftleg oppgåve relatert til psykisk helse og rusarbeid. Presentasjon i gruppe. Omfang 2000 ord
2. Obligatorisk 80 % frammøte til rettleiing i gruppe (3 timar)
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, individuell.
Vurderingsuttrykk Gradert karakter A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- PS106 - Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk - Reduksjon: 3,5 studiepoeng