Hopp til innhald

SA571 Den sosiale kroppen

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp sentrale sosiologiske og kulturhistoriske perspektiv på forminga av kroppen og kroppsbilete i vestlege samfunn. Ei sentral tilnærming i emnet er at kunnskap om kroppen kan leggje viktige rammer for kva type sosial orden ein har i samfunnet. Til dømes er moderne medisin, statistikk og andre former for profesjonell kunnskap om menneskekroppen ein føresetnad for opparbeidinga av moderne velferdstilbod, helsestell og sosial kontroll. Emnet rettar søkjelyset mot institusjonar og kulturelle prosessar som både direkte og indirekte har endra forståinga av menneskekroppen som fysisk, sosialt og kulturelt fenomen. I tillegg løftar det fram kva konsekvensar desse prosessane kan ha i høve både individuell sjølvforståing og politiske maktforhold. Emnet nærmar seg desse spørsmåla med utgangspunkt i historisk og sosiologisk analyse. Studentane skal også opparbeide innsikt i korleis biologiske og sosiale forhold verkar saman i skapinga av kroppen. Etter gjennomført emne skal studentane kunne bruke desse perspektiva i analysar av kroppsoppfatningar i fortid og samtid, og til kritisk refleksjon over korleis kunnskap om mennesket også medverkar til normdanning og regulering av individuell og kollektiv åtferd.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • har studenten grunnleggjande kunnskap om menneskekroppens status i samfunnsvitskapleg og kulturhistorisk forsking.
  • kan studenten gjengi hovudtrekka i analysane av kroppens historie, særskilt knytt til omgrepa om sivilisering og disiplinering.
  • har studenten kunnskap om korleis menneskekroppen er og har vore gjenstand for sosialt engasjement gjennom ulike former for ideologi, kontroll, ekspertise og politikk.
  • har studenten forståing for korleis dagens idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv speglar idear om menneskekroppen og meir allment ein historisk skapt «kroppskultur».

Ferdigheiter

  • kan studenten vurdere og forstå dagsaktuelle politiske og offentlege ytringar om menneskekroppen i eit historisk og sosiologisk perspektiv.
  • kan studenten nytte kunnskapen frå emnet til å tolke og formidle fenomen i samtida som inneber kontroll og styring av menneske og menneskeleg åtferd.

Generell kompetanse

  • kan studenten nytte ulike faglege perspektiv på menneskekroppen i refleksjonar og debatt over kva for avgrensingar og ressursar den representerer for aktørar i seinmoderne samfunn.
  • kan studenten vurdere korleis oppfatningar om menneskekroppen inngår i normativ oppvurdering og nedvurdering av enkeltmenneske og grupper i samfunnet.
  • kan studenten reflektere over forholdet mellom menneske, natur, sport og friluftsliv med basis i historisk- sosiologiske synsmåtar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

60 studiepoeng i samfunnsvitskap, historie eller i profesjonsstudium (t.d. lærar, sjukepleie, barnevern, sosialt arbeid, vernepleie).

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og ulike former for gruppearbeid med skriving og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i oppgåveseminar der studentane skriv disposisjon for ein fagtekst av omfang 1000 ord. Studentane får felles rettleiing i seminaret og fullfører deretter teksten innan ein frist sett av faglærar. Vurderingsform på arbeidskravet: Greidd/ ikkje greidd.

Vurderingsform

4 timar skriftleg, individuell eksamen. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel