Hopp til innhald

SA6-502 Helse- og velferdspolitikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje innsikt i og forståing for helse- og velferdspolitiske spørsmål og utfordringar. Emnet gir ei innføring i offentleg politikk, forvaltninga si rolle i politikken, og kva som skil politikaren frå den faglege eksperten. Ein går også inn på samhandling og samarbeid mellom sektorar og ulike forvaltningsnivå, samt leiarrolla, profesjonsrolla og brukarrolla i velferdsstaten.

Læringsutbytte

Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

  • har inngåande kunnskap om politikk, politikkutforming og iverksetjing av offentleg politikk, spesielt i konteksten av helse- og velferdstenester
  • har inngåane kunnskap om samhandlings- og samarbeidsutfordringar mellom tenester på same nivå, og mellom organisasjonar på ulike nivå.
  • har avansert kunnskap om profesjonsrolla, leiarrolla og brukarrolla i helse- og velferdssektoren.

Ferdigheiter:

  • kan analysere utviklingstrekk i helse- og velferdssektoren, og kunne drøfte korleis desse påverkar konteksten for leiing, profesjonsutøving, og samhandling med brukarar
  • kan gjennomføre eit skriftleg arbeid som har vitskapleg språk og stil og som har aktiv bruk av teori og forsking frå politikkområdet.

Generell kompetanse:

  • kan forstå og analysere helse- og velferdspolitikk som ramme for leiing, innovasjon og profesjonsutøving,
  • er i stand til å bruke teori og kunnskap frå fagfeltet for å reflektere og kommunisere med både fagfolk og ålmenta om generelle utfordringar for sektoren og om dagleg praksis i eigen organisasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesning, gruppearbeid. Rettleiing av tekst til semesteroppgåva

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Tre korte notat (800 - 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane
  • Arbeide i gruppe med felles artikkel, og presentere i plenum på artikkelseminar

Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne levere eksamen.Ved oppstart blir det gitt nærare informasjon om innhald og krav til arbeidskrava.

Vurderingsform

Semesteroppgåve som handlar om helse- og velferdspolitiske spørsmål eller utfordringar, der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på inntil to studentar. Ved individuell oppgåveløysing er omfanget ca. 4000 ord. Dersom to skriv oppgåve i lag, er omfanget ca. 6000 ord.

Bokstavkarakter A - F, der F er «ikkje greidd».

Ved stryk eller gyldig fråvær kan studenten levere inn omarbeidd oppgåve til ny vurdering påfølgjande semester. Ved ynskje om forbetring av karakter kan omarbeidd tekst leverast inn neste gong eksamen vert arrangert.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA6-409 - Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 10,5 studiepoeng
  • SA6-410 - Politikk, styring og endring i utdanningssektoren - Reduksjon: 10,5 studiepoeng
  • SA6-407 - Helse- og velferdspolitikk - Reduksjon: 15 studiepoeng