SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentleg sektor
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tek opp teoriar om offentleg styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk og korleis dette dannar kontekst for leiing og profesjonsutøving i offentlege organisasjonar. Tema som vert dekka er forvaltningsreformer og offentlig styring, studiet av offentlig politikk og innovasjon i offentlig sektor.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar:
- ha avansert kunnskap om teoriar om offentleg politikk
- ha kunnskap om den politisk-administrative konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor
- ha kunnskap om innovasjon i offentleg sektor
Ferdigheiter:
- kunne bruke teoriar til å analysere offentleg politikk
- kunne nytte avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar til sjølvstendig analyse av utviklingstrekk i offentleg sektor
- kunne bruke teoriar og omgrep frå emnet for å analysere endring og innovasjon i offentleg sektor generelt og i eigen sektor spesielt
Generell kompetanse:
- ha avansert kompetanse i å analysere den politiske konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor
- er i stand til å bruke teori og kunnskap frå fagfeltet for å reflektere og kommunisere med både fagfolk og ålmenta om generelle utfordringar for sektoren og om dagleg praksis i eigen organisasjon.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar. Gruppearbeid. Rettleiing på semesteroppgåve
Obligatorisk læringsaktivitet
Akademisk tekst/essay (ca. 1200 ord).
Vurderingsform
Individuell semesteroppgåve.
Omfang ca. 3000 ord.
Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".
Ved stryk eller gyldig fråvær kan studenten levere inn omarbeidd oppgåve til ny vurdering påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SA6-409 - Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- SA6-410 - Politikk, styring og endring i utdanningssektoren - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- SA6-411 - Politikk, styring og endring i offentlege organisasjonar - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- OR6-502 - Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar - Reduksjon: 7,5 studiepoeng