SAB220 Anvendt sosialt arbeid i velferdstenestene
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse i utøvinga av systematisk sosialt arbeid i velferdstenestene, mellom anna i NAV. Sentrale undervisningstema i emnet er deltaking, arbeidsinkludering og arbeidsmarknadskunnskap i møte med ulike brukargrupper, samt rolla som koordinator i velferdstenestene med tanke på tverrfagleg samarbeid. Studentane skal òg tileigne seg kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Emnet vil ha fokus på bruk av NAV sitt lovverk og verkemidlar (tenester og ytingar), samt samhandling med brukarar og aktuelle aktørar i og rundt NAV og andre velferdstenester, inkludert arbeidsgjevarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter når det gjeld systematikk i kartlegging og analyse av komplekse sakstilhøve. Vidare vil det romme tilhøvet mellom sosialt arbeid og bruk av digitale kommunikasjonskanalar og oppfylgingssystem. I emnet skal studentane òg utfordrast til å diskutere etiske og skjønnsmessige aspekt ved arbeidet i velferdstenestene som til dømes NAV. Studentane skal vidare tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i sosialt arbeid med grupper, samt i litteratursøk innan rammen av kunnskapsbasert praksis.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har kunnskap om arbeidet sin betyding for helse og velferd, arbeidsinkludering og forhold som regulerer norsk arbeidsliv
- har kunnskap om fagleg grunnlag for og metodar for arbeidsinkludering t.d. supported employment
- har kunnskap om sosialarbeidaren som koordinator i velferdsfeltet, ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltinga, relevante samarbeidspartnarar, og tverrprofesjonelt samarbeid
- har kunnskap om sosialt arbeids bidrag og rolle i arbeidsinkludering
- har kunnskap om økonomisk rådgjeving for å førebygge og avhjelpe gjelds- og privatøkonomiske problem
- har kunnskap om barneperspektivet i NAV
- har kunnskap om sosialt arbeid med grupper
- har kjennskap til utanforskap, fattigdom og arbeid i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har kjennskap til digitale kartleggings- og oppfølgingsverktøy i arbeidet med brukarar, og kjenner til deira moglegheiter og avgrensningar i sosialt arbeid
- har kjennskap til sentrale prinsipp for bruk av tolk i sosialt arbeid
- har kjennskap til relevant forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for sosialt arbeid og arbeidsinkluderingsfeltet
Ferdigheiter: Studenten...
- kan bruke fagleg kunnskap om arbeidsretta inkludering i møte med arbeidssøkarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar
- kan bruke fagleg kunnskap om sosiale problem, overgangar og livskriser for å fremje mestring og endring i samarbeid med enkeltpersoner, grupper og samarbeidspartnarar
- kan bruke metoden sosialt arbeid med grupper
- kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid
- kan bruke fagleg kunnskap for å identifisere ressursar og gi håp i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar
- kan gjennomføre systematisk kartlegging og analyse av komplekse livssituasjoner til ulike brukarar, og utarbeide planer saman med brukarar
- kan søke, finne og vurdere relevant forskings- og utviklingsarbeid i tråd med kunnskapsbasert praksis som er relevant for praktisk sosialt arbeid i velferdstenestene
- Kan dokumentere søk i relevante kjelder for kunnskapsbasert praksis
Generell kompetanse: Studenten...
- kan identifisere og vurdere etiske dilemma i yrkesrolla, i gjennomføring av arbeidslinja og i møte med menneske i velferdsfeltet
- har innsikt i betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling
- kan reflektere over rolla som koordinator i møte med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- kan kritisk reflektere over eigen yrkesrolle innan dei sosialpolitiske, lovmessige og organisatoriske rammene for arbeidet i NAV
- kan formidle faget og utveksle synspunkt og erfaringar med kolleger og samarbeidspartnarar
Krav til forkunnskapar
Følgjande emne må vere greidd:
- SAB110 Danning og akademisk handverk
- SAB120 Sosialt arbeid som fag og profesjon
- SAB130 Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid
- SABP1 Sosialt arbeids praksis 1. studieår
- Eksamensrett i SAB140 Rammer for sosialt arbeid i velferdstjenestene
Undervisnings- og læringsformer
I emnet vert det lagt opp til ein kombinasjon av teoretisk og praktisk baserte undervisningsformer, der bruk av relevante kasusskildringar og innspel frå tilsette i velferdstenestene vil være sentrale. Det betyr at kasusoppgåver som studentane skal løyse, utviklas i eit samarbeid mellom tenesteytarar og brukarar og høgskulen sine tilsette. Dette er for å sikre praksis- og verkelegheitsnær erfarings- og teori-utforsking i studentøvingane/ferdigheitstrening.
Studentaktive læringsformer på campus og digitalt, samt tverrfagleg tilnærming er vektlagt i emnet. Viktige læringsformer vil være seminar og gruppearbeid, møte med praksisfelt, ferdigheitstrening, individuelt refleksjonsarbeid, posterutstilling og munnlege framlegg i klassen. Dette er for at studentane skal få lære og mestre ulike tilnærmingar for å tileigne seg og nytte kunnskap.
Ein føreset sjølvstudium av pensum. Det vert førelesningar knytt til sentrale tema.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i systematisk kartlegging. Krav om minimum 80% deltaking.
- Deltaking i ferdigheitstrening i sosialt arbeid med grupper. Krav om minimum 80% deltaking.
- Deltaking i søkarverkstad. Krav om minimum 80% deltaking.
- Deltaking i utarbeiding av poster med ein obligatorisk rettleiing. Krav om minimum 80% deltaking.
- Deltaking i presentasjon av poster.
Godkjente læringsaktivitetar er gyldig i 4 semester.
Vurderingsform
Todelt eksamen i emnet, der begge deler må vera greidd for å få ein samla karakter:
- Skriftleg skuleeksamen; 3 timar. Vekting 40%.
- Heimeeksamen; 5 dager individuell heimeeksamen, omfang: 2500 ord +/- 10%. Vekting 60%.
Skriftleg skuleeksamen og heimeeksamen blir ein samla karakter.
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.
Ny eksamen
Skuleeksamen: Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Heimeeksamen: Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Ved ny eksamen kan studenten ta den delen som ikkje er bestått/gjennomført.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Skuleeksamen 3 timer: Ingen
- Heimeeksamen: Alle
Fagleg overlapping
- SOS5-107 - Sosialt arbeid i velferdstenestene - Reduksjon: 10 studiepoeng
- BSO115 - Marginalisering, velferdsordningar og sosialt arbeid - Reduksjon: 10 studiepoeng