Hopp til innhald

SAB250 Sosialt arbeid med barn og familiar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er at studentane skal tileigne seg spesifikk kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i arbeid med barn, unge og familiar. Ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid med barn, ungdom og familiar med eit systemteoretisk fokus. Emnet tar føre seg sosialt arbeid med barn og familiar i barnevernsfeltet, både i eit historisk, strukturelt og krysskulturelt perspektiv. Refleksjon over spenningar og dilemma som kan oppstå mellom barn, ungdom og foreldre sine hjelpebehov vert vektlagt. I tillegg settes eit kritisk søkelys på korleis samfunnsstrukturar påverkar familiar. Tema som førebygging, ressurs- og risikoperspektiv, omsorgssvikt, samspelsmodellar, barn og unge sine oppvekstarenaer og deltaking, samt ulike familietypar er sentrale. Emnet legg vekt på og byggjer vidare på kunnskap og erfaringar studentane har tileigna seg frå tidlegare emne.

Studenten skal tileigne seg kunnskap og kunne bruke relevant lovverk.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har brei kunnskap om omsorgskompetanse og ulike formar for omsorgssvikt.
  • har brei kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing med born og foreldre samt kjenne til barnekonvensjonen.
  • har kunnskap om relevant lovgiving innan barne- og familierett, samt barnevern.
  • har kunnskap om og kan kjenne igjen symptom på vald, fysiske, psykiske og seksuelle overgrep.
  • har kunnskap om korleis helsemessige, sosiale og sosioøkonomiske utfordringar har konsekvensar for den enkelte og pårørande og særskilt om born som pårørande.
  • har kunnskap om sosialt arbeid i møte med etnisk og kulturelt mangfald.
  • har kunnskap om samiske barns rett som urfolk til å vokse opp med samisk språk og kultur

Ferdigheter: Studenten...

  • kan bruke fagleg kunnskap og metodar for å identifisere ressursar og gje håp i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar.
  • kan bruke fagleg kunnskap for å vurdere og avklare meldingar og undersøke omsorgssituasjonen til barn og unge og iverksette, følge opp og evaluere tiltak når det er nødvendig for born helse, levekår og sosiale utvikling.
  • kan bruke fagleg kunnskap om sosiale problem, overgangar og livskriser for å fremje meistring og endring i samarbeid med ungdom.
  • kan bruke fagleg kunnskap og metodar for samhandling og samarbeid med born og unge om kvardagsliv og om vanskelege tema på ein måte som sikrar deira interesser, medverknad og rettigheiter.
  • kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid.
  • kan meistre samtale med born om tema som omsorgssvikt, vald og overgrep.
  • kan meistre aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og avgjerdstaking
  • kan finne, vurdere og sette inn tiltak som lindrar og reduserer konsekvensane av vald, overgrep og omsorgssvikt.
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing.

Generell kompetanse: Studenten...

  • har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i møte med born og familiar.
  • har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen og i møte med menneske.
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i samansette og konfliktfylte situasjonar.
  • kan planlegge, gjennomføre og lede koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike teneste og tenestenivå.
  • kjennskap til menneske sine ulike utgangspunkt og sårbarheit, verdiar og levesett.
  • kjenner til betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling.

Krav til forkunnskapar

Alle emne første studieår (SAB110, SAB120, SAB130, SAB140, SABP1) må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

SAB210 Rus og psykisk helse og SAB220 Praktisk sosialt arbeid i velferdstenestene

Undervisnings- og læringsformer

Undervisinga vil variere mellom plenumsundervisning, digital undervisning, sjølvstudium, gruppearbeid, digital saksbehandling og ferdigheitstrening i kommunikasjon med born og familiar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Deltaking i ferdighetstrening i kommunikasjon. Krav om minimum 80% deltaking.
  2. Deltaking i ferdighetstrening i kartlegging av en barnevernsak og en gruppeinnlevering av en undersøkelsesplan i en barnevernsak som sluttprodukt av denne ferdighetstreningen. Krav om minimum 80% deltaking.
  3. Deltaking i etikkseminar. Krav om minimum 80% deltaking.
  4. Deltaking i seminar om nemdsbehandling. Krav om minimum 80% deltaking.
  5. Godkjent deltaking i en tverrprofesjonell aktivitet for studentane i Sogndal. Ved campus Bergen inngår denne aktiviteten i TVEPS i emnet SABP3.

Godkjente læringsaktiviteter er gyldig i fire semester.

Vurderingsform

Munnleg eksamen Munnleg individuell eksamen 30 minutt, basert på kasus som studenten får utlevert ved eksaminasjon.

Tidsramma på 30 minutt inneheld følgjande:

  • 5 minutt til lesing av oppgåve og førebuing
  • 20 minutt til munnleg eksaminasjon
  • 5 minutt til fastsetting av karakter.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala. A-E er greidd. F er ikkje greidd.

Ny eksamen Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BS5-201 - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • BSO211 - Barnevern. Sosialt arbeid med familiar - Reduksjon: 15 studiepoeng