Hopp til innhald

SAB390 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emne skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i akademisk skriving av ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve. Val av tema og problemstilling skal ha sosialfagleg relevans og drøftast i lys av relevant teori og forsking. Det vert gitt undervisning i skriving av bacheloroppgåve og arrangert seminar. Sjølvstudium vert vektlagd som læringsform i emnet. Studentane får tilbod om fire rettleiingstimar (ein rettleiingstime i oppgåveseminar og tre individuelle rettleiingstimar).

Bacheloroppgåva skal skrivast i tråd med Rettleiar for bacheloroppgåve ved FHS. Student og rettleiar inngår ein skrifteleg rettleiingsavtale i starten av arbeidet med bacheloroppgåva.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid.
  • kjenner til faget sine vitskapsteoretiske posisjonar, og kunnskapsutvikling.
  • kjenner til samfunnsvitskapeleg metode og den sine mogelegheiter og avgrensingar.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan anvende forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i oppgåveskriving.
  • kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff, samt framstille dette skriftleg.

Generell kompetanse: Studenten...

  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav.
  • kan formidle faget og bidra til utvikling av god praksis.
  • kan formidle faglig kunnskap som fremmer likeverd og mangfald og bidrar til likestilling, inkludering, mestring og deltaking i kvardag, skule og arbeidsliv.

Krav til forkunnskapar

For å kunne levere bacheloroppgåva må alle emne i 1. og 2. studieår, samt 5. semester vere bestått. I tillegg må studenten ha eksamensrett i SAB320.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet inneheld plenumsundervisning, bruk av læringsressurser i canvas, temaskisseverkstad og oppgåveseminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Godkjend prosjektplan. Omfang inntil 1500 ord.
  2. Deltaking i oppgaveseminar med rettleiing på prosjektplan. Krav om 100% deltaking.
  3. Deltaking i minimum ei individuell rettleiing.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester.

Vurderingsform

Oppgåve Bacheloroppgåva skal maksimalt vere på 8000 ord. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.

Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling. Opptil fire studentar kan etter søknad skrive bacheloroppgåve saman.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne, sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSV5-300 - Bacheloroppgåve - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • BSO321 - Bacheloroppgåve - Reduksjon: 15 studiepoeng