Hopp til innhald

SABP1 Sosialt arbeids praksis 1. studieår

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ein første innføring i sosialt arbeid i praksis. Studentane skal ta i bruk kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse frå tidlegare tema i studieåret, og utvikle desse i direkte samhandling med brukarar. Studentane skal øve på å sjå samanhengar mellom teori og praksis, og reflektere over eiga rolle i samhandling med individ/grupper og system.

Studentane skal rette fokus både på eiga yrkesrolle og identitet, og utvikle evna si til kritisk refleksjon over praksis, eigne erfaringar, haldningar og kunnskap. Studentane skal øve opp ferdigheter i kritisk refleksjon og i tema om dei ulike praksisstadane sine arbeidsmetodar.

Emnet innleia og avslutta med eit refleksjonsseminar med fokus på yrkesroller, kommunikasjon og relasjon. Studentane bruker kunnskap om sosialpolitisk forståing, levekår og livskvalitet for utsette grupper og sette dette i samanheng med gjennomført praksis. Som ein del av førebuinga i emnet skal studentane delta i seminar om dokumentskriving og sakshandsaming, der ein kombinerer kunnskapen ein har tileigna seg i SAB140.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltninga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentlig, privat og frivillig sektor.
  • har kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan utarbeide skriftlige dokument i klientarbeid innen offentlig forvaltning i lys av både rettslige og sosialfaglige rammer for dette.
  • kan finne og vise til forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøving.
  • kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
  • kan reflektere over korleis kunnskap kan brukast på nye område og medverke til nytenking i tenestene.
  • kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid.
  • kan reflektere over og anvende kunnskap som bidrar til et likeverdig tenestetilbod for alle tenestemottakarar.

Generell kompetanse: Studenten…

  • kjenner til politiske og administrative avgjerdsprosessar og korleis sosionomar kan medverke til allmenn opplysing og politisk rådgjeving.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i sosialt arbeid.
  • kjenner til etiske problemstillingar og etiske dilemma i yrkesrollen og i møte med menneske
  • kjenner til og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.
  • kjenner til forhold som medverkar til diskriminering og korleis fremje ikkje-diskriminerande praksis og eit inkluderande samfunn.
  • kjenner til betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling.
  • kan utveksle synspunkt kring faget og erfaringar med samarbeidspartnarar og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

  • Eksamensrett i emnene SAB110, SAB120, SAB130 og SAB140.

Tilrådde forkunnskapar

Alle føregåande emne

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vert innleia og avslutta på campus med teoretisk undervisning og ferdigheitstrening innan aktuelle tema for praksisperioden. Studenten skal delta på fastsette veker på tildelt praksisplass, og førebuingar, undervisning og seminar på campus. I praksis skal studenten også arbeide med skriftlege oppgåver knytt til eigne læringsmål.

Studenten har normalt 1 studiedag pr. uke, og er 4 dagar på praksisplassen (30 timer). Som houvdregel skal studenten følge arbeidstiden til praksisrettleiaren sin. I nokre høve kan dette bety at studenten må arbeide i turnus. For studentar som deltek i Nattergalen som ein del av sitt praksistilbod, vil det vere eigne beskrivingar for korleis timane er organisert då Nattergalordninga strekk seg over ein lengre tidsperiode enn den ordinære praksisperioden.

På praksisplassen får studenten tildelt rettleiar. Det er studenten som har ansvar for å førebu rettleiingstimane. Studenten skal i retteleinga reflektere over faglege og etiske problemstillingar. I tillegg vil det være naturlig å nytte rettleiinga til planlegging av arbeidsoppgåver og læringsmål, og oppfølging og evaluering av desse.

I starten av praksisstudiet kan studenten være med rettleiar/andre tilsette som observatør, men det vert forventa ein progresjon der studenten etter kvart får eigne arbeidsoppgåver, avhengig av kva moglegheiter som er på praksisplassen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjend for at studenten kan få greidd praksis:

  1. Krav om minimum 80% deltaking på seminar om sakshandsaming og dokumentskriving.
  2. Godkjend individuell opplæringsplan.
  3. Godkjend skriftleg individuell praksisrapport knytt til refleksjon over eiga profesjonelle rolle. Omfang: 2500 ord +/- 10%.
  4. Krav om minimum 90% deltaking i studentaktiv undervisning i før- og etterpraksisseminar.

Godkjend arbeidskrav er gyldige berre for gjeldande praksisperiode, og må takast opp att dersom studenten ikkje får greidd praksis.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisrapporten frå praksisrettleiar, oppnådd læringsutbytte, obligatoriske læringsaktivitetar og oppfylt krav til frammøte.

Vurderingsuttrykk Praksisstudiane vert vurdert til bestått/ikkje bestått.

Fråvær utover 10 % gjer ikkje bestått praksis.

Ny praksis Dersom studenten får vurdert praksis til ikkje bestått, må heile praksisperioden takast om igjen. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne vert arrangert.

For meir utfyllande informasjon sjå: Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet av 18.08.2022, kapittel 10

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSOP12 - Sosialt arbeids praksis 1. studieår - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • SOS5-205 - Praksis og refleksjon i sosialt arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng