SO202 Kapitalisme og makt
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhold og oppbygning
I vår tid står kapitalisme fram som fullstendig dominerande globalt økonomisk system. Tilstanden er så gjennomgripande at det særleg for vestleg ungdom kan vere ei utfordring å setje omgrep på fenomenet. Utan tydelege alternativ å halde dette systemet opp mot, blir det ofte tatt for gitt, og refleksjonen over korleis "kapitalisme" innverkar på leve- og tenkemåtar kjem til kort. Emnet drar fram kapitalismens historie, utviklingstrekk og sentrale aktørar, og det tematiserer samanhengar mellom kapitalisme, makt og modernitet. Korleis nedfeller samspelet seg i institusjonar og samspelet mellom dei?
Emnet gir ein introduksjon til "kapitalisme" som omgrep, som økonomisk system og korleis dette systemet vaks fram historisk. Det gir også innsikt i regionale (nasjonalstatlege) særtrekk ved det som frå tidleg av var eit internasjonalt system, med særskilt merksemd på norske forhold.
Emnet tematiserer også makt, slik sosiologien har forstått fenomenet. Kva er makt, kven har makt, og i kva for situasjonar og historiske fasar er bestemte maktformer viktigare enn andre?
Kapitalisme og makt er ulike fenomen kvar for seg, men det å introdusere dei i same emne gir høve til å etterspore kva maktformer som er dei sentrale i kapitalistiske samfunn, og om det skjer historiske endringar undervegs. Eit case i denne samanhengen kan vere familieinstitusjonen, som gjennomgjekk markante endringar ved overgangen til industrikapitalisme. Korleis påverka det familiens makt andsynes andre samfunnsinstitusjonar? Korleis endra det maktforholda internt i familien, mellom vaksne og barn, menn og kvinner?
Emnet har som hovudspørsmål kven som har hatt makt i kapitalismens historie, kven som har det no, kva som er grunnlaget for makta, og i kva grad makt er knytt til konkrete historiske aktørar, grupper, nasjonar, eller om det er meir rimeleg å peike på «flytande», diskursiv makt. Det drøftar også korleis kapitalismen innverkar på «personleg karakter», kjensler, nære relasjonar, og sjølvsagt vilkåra for gruppedanning og kollektive identitetar, inkludert "ungdomsidentitet".
Emnet krev ei allmenn og generaliserande tilnærming, der hovudtrekk ved kapitalistisk makt blir løfta fram i ein kontekst av "vestens" kultur og institusjonar. Samanlikningar mellom konkrete samfunn vil nyansere biletet av kva kapitalisme er, og også gi ein bakgrunn for å forstå overlevingsevna til dette økonomiske systemet, trass i mykje motstand, motmakt og kritikk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har kandidaten tileigna seg
Kunnskapar
- kunnskap om kapitalismens historie og sentrale aktørar.
- kunnskap om kva sosial makt er, og korleis sosiologien omgrepsfestar og analyserer makt.
- kunnskap om korleis vestleg kapitalisme har gitt form til moderniteten; institusjonelt, kulturelt og i samhandlingsformer.
- kunnskap om konkrete, historisk betinga kapitalistiske samfunn, og forskjellar mellom desse.
Ferdigheiter
- Forståing av betydninga av samfunnsøkonomiske system, samspelet mellom institusjonar i slike system, og maktformene som oppstår i kjølvatnet av dei.
- Evne til å analysere forskjellar mellom samfunn som alle er "kapitalistiske", men som er forma av særeigen historie og kultur.
- Dugleik i klar formidling av kapitalismens særdrag, verkemåtar, tilpassingsformer og endringar.
Generell kompetanse
- Kunne tolke dagsaktuelle hendingar i lys av ei forståing av kapitalisme og makt.
- Delta i ordskifte om omstilling, berekraftig innovasjon og arbeidstakarkompetanse med grunnlag i kunnskap frå emnet
- Kjenne att eldre og nyare aktørar i kapitalistisk samfunnsendring, og medverke til samfunnets refleksjon over eiga utvikling.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
SO103 og SO104
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, gruppearbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking i oppgåveseminar der studentane skriv disposisjon for ein fagtekst av omfang 1000 ord. Studentane får felles rettleiing i seminaret og fullfører deretter teksten innan ein frist sett av faglærar. Vurderingsform på arbeidskravet: Greidd/ ikkje greidd.
Vurderingsform
Heimeeksamen 7 dagar. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel.
Mer om hjelpemidler