STM101 Språk, tekst og matematikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer barn si danning og språklege og matematiske utvikling. Desse temaa er viktige for leik og læring, og avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om barn sitt språk og språkutviklinga deira, og om barnelitteratur og mediekultur. På den andre sida handlar det om barn si matematiske meiningsskaping, kreative undring, leik og problemløysing. Andre sentrale emne er barn si omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skole.
Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved barn sin leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren er sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barn si språklege, litterære og matematiske utvikling. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kompetanse i å skape varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen.
Kunnskapsbasen bygger på norsk- og matematikkdidaktikk.
Praksis er integrert i kunnskapsområdet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om barn si matematiske utvikling, spesielt innanfor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv
- har kunnskap om barn si språkutvikling, språkbruk og språkvanskar, også i fleirspråkleg perspektiv
- har kunnskap om barn si problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling
- har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljetradisjonar, inkludert den samiske
- har grunnleggande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for barn sine teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling
- har grunnleggande kunnskap om barn si tidlege rekne- lese- og skriveutvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan observere, vurdere, legge til rette for og støtte barn si språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen
- er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremmer barn si aktive deltaking, utvikling og danning
- kan legge til rette for eit inkluderande og variert leikemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing
- kan legge til rette for kvalitet og mangfald i barn sine tekstopplevingar og lesefellesskap, også i eit fleirkulturelt perspektiv
- kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen
Generell kompetanse
Studenten
- kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar i samtida knytt til språk, tekst og matematikk
- kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barn sine språklege, tekstlege og matematiske erfaringar
- kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.
Praksis
Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytter som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (BBLPR101) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har fire obligatoriske læringsaktivitetar:
- Godkjent deltaking i undervisning, minimum 80%, knytt til desse lærinsutbytta: "Studenten kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar i samtida knytt til språk, tekst og matematikk" og "Studenten kan rettleie, leie og kritisk reflektere over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen".
- Eit arbeid i gruppe knytt til matematiske emne. Arbeidet blir avslutta med ein skriftleg fagtekst.
- Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten har kunnskap om barn si matematiske utvikling, spesielt innanfor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv», og
- «Studenten kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng».
- Ein individuell skriftleg fagtekst på nynorsk.
- Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske», og
- «Studenten kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng».
- Ein tverrfagleg læringsaktivitet knytt til barnehagefaglege praksisar i språk, tekst og matematikk, munnleg i gruppe.
- Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk», og
- «Studenten har grunnleggjande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for barns teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling».
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjort til fastsette fristar og godkjent av faglærar før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, har studenten eitt nytt forsøk same semester. Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjent kan takast på nytt neste semester.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk, inntil 30 minutt. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- STMD101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- STM1 - Språk, tekst og matematikk 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
- STM1-D - Språk, tekst og matematikk 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
- BLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- ABLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- BLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- BLU-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- ABLU-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- BKN-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- STM102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
- STMA101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng