Hopp til innhald

STMD101 Språk, tekst og matematikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer barna si danning og språklege og matematiske utvikling. Desse temaa er viktige for barns leik og læring, og avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur, på den andre sida om matematisk meiningsskaping, kreativ undring, problemløysing og leik. Andre sentrale emne er barns omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skule.  

Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved barns leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren står sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barna si språklege, litterære og matematiske utvikling. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kompetanse i å skape varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen.  

Kunnskapsbasen byggjer på norsk- og matematikkdidaktikk. Praksis er integrert i kunnskapsområdet. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap 

Studenten  

  • har kunnskap om barna si matematiske utvikling, spesielt innanfor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv  
  • har kunnskap om både språkutviklinga til barna og språkbruken deira (inkludert språkvanskar), også i fleirspråkleg perspektiv
  • har kunnskap både om korleis barn utviklar omgrep og løyser problem
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske  
  • har grunnleggjande kunnskap om betydninga leiken og samtalen har for barns teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling  
  • har grunnleggjande kunnskap om barn si tidlege rekne- lese- og skriveutvikling

Ferdigheiter  

Studenten  

  • kan observere, vurdere, leggje til rette for og stø barna si språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen 
  • er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremjar barna si aktive deltaking, utvikling og danning  
  • kan leggje til rette for eit inkluderande og variert leikemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing  
  • kan leggje til rette for kvalitet og mangfald i tekstopplevingane og lesefellesskapen til barna, også i eit fleirkulturelt perspektiv  
  • kan rettleie, leie og reflektere kritisk over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen  

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk  
  • kan utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne dei språklege, tekstlege og matematiske erfaringane til alle barn
  • kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning, ulike studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.

Praksis 

Praksis blir gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (BBLDPR101) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærerutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har fire obligatoriske læringsaktivitetar:

  • Godkjent deltaking i undervisning, minimum 80%.
    • Denne læringsaktiviteten er knytt til desse læringsutbytta: «Studenten kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk» og
    • «Studenten kan rettleie, leie og reflektere kritisk over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen».
  • Ein individuell skriftleg tekst knytt til norskfaglege emne. Målform: nynorsk.
    • Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske», og
    • «Studenten kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng».
  • Eit utviklingsarbeid knytt til matematiske emne. Arbeidet blir avslutta med ein skriftleg tekst..
    • Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten har kunnskap om barna si matematiske utvikling, spesielt innanfor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv» og
    • «Studenten kan bruke norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng».
  • Ein tverrfagleg læringsaktivitet knytt til praksis, munnleg i gruppe.
    • Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk», og
    • «Studenten har grunnleggjande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for barns teksterfaringar, språk- og matematikkutvikling».

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjend, har studenten eitt nytt forsøk same semester. Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjende kan takast på nytt neste semester

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk, ca. 30 minutt. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • STM101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STM1 - Språk, tekst og matematikk 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STM1-D - Språk, tekst og matematikk 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ABLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU3-102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ABLU-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BKN-STM - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STMA101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng