BBLDPR301 Praksis 3. år deltid
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Praksis i tredje studieår på barnehagelærarutdanning deltid er på 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus er studenten si leiing av barn og barnehagen.
Læringsutbytte
Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevissthet. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- stå fram som ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson
- kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
- kunne legge til rette for eit miljø som fremmer og tek vare på leik
- kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med medarbeiderar, og balansen mellom å ta hensyn til eigne behov og å vere orientert mot andre
- vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
Studenten skal ha 5 leiardagar (minimum) i praksis 3. studieår.
Krav til forkunnskapar
Praksis andre studieår (BBLDPR201) må vere bestått for at studenten kan starte denne praksisperioden.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
30 dagar rettleidd og vurdert praksis i barnehage med krav om 100% frammøte
Sluttvurdering vår: bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis, men kan klage på formelle feil.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel