Hopp til innhald

BIO101 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.

Emnet går i det første semesteret av studiet og har eit omfang i spennet 5 - 15 studiepoeng, som studieprogramma sjølve fastset. BIO101 er på 7,5 sp og den utdanningsspesifikke delen er på 2,5 sp.. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Fellesdel

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt.
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.
  • har kunnskap om etikk.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe.
  • kan formidle og diskutere sentralt fagstoff og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt.

Fagspesifikk del

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om profesjonane sitt samfunnsmandat.

Ferdigheit:

Studenten

  • reflektere over verdien av eigen - og andre profesjonar sin kompetanse i ein tverrprofesjonell samanheng.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.

Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet.

  • Individuelt skriftleg arbeid der studenten skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde. (lengde på teksten må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Krav til deltaking/frammøte i obligatoriske læringsaktivitetar er 80%, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL §8-4(3).

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1500 ord +/- 10 %

Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått, jf. forskrift om studium og eksamen §13-9(3).

Ny eksamen: Dersom eksamen ikkje er bestått, er det mogleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ERG110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • FYS110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • RAD110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SYKB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SYKDB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng