Hopp til innhald

ERG110 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.

Emnet går i det første semesteret av studiet og har eit omfang i spennet 5 - 15 studiepoeng, som studieprogramma sjølve fastset. Emnet har ein fellesdel som utgjer 5 studiepoeng og ein utdanningsspesifikk del på 2,5 - 10 studiepoeng. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Fellesdel

Kunnskapar Kandidaten

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt.
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.
  • har kunnskap om etikk.

Ferdigheiter Kandidaten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava.

Generell kompetanse Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe.
  • kan formidle og diskutere sentralt fagstoff og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt.

Læringsutbytte

Fagspesifikk del

Kunnskap:

Kandidaten

  • har kunnskap om profesjonane sitt samfunnsmandat.

Ferdighet:

Kandidaten

  • kan reflektere over verdien av eigen - og andre profesjonar sin kompetanse i ein tverrprofesjonell samanheng.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.

Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet.

  • Individuelt skriftleg arbeid der studenten skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde. (lengde på teksten må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Krav til deltaking/frammøte i obligatoriske læringsaktivitetar er 80%, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL §8-4(3).

Vurderingsform

Eksamen: Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1 500 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått, jf. forskrift om studium og eksamen §13-9(3).

Ny eksamen: Dersom eksamen ikkje er bestått, er det mogleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstigintelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BIO101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng