Hopp til innhald

INT101 Interkulturell kompetanse etter studentutveksling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Dette emnet er del to av interkulturell kompetanse for studentar som dreg på utveksling, og legg vekt på refleksjonar undervegs og etter utanlandsopphald.

Gjennomført kurs med eksamen gir 2,5 studiepoeng. Gjennomført kurs utan eksamen gir kursbevis.

Emnet inneheld følgande tema:

Del 1: Interkulturell kompetanse knytt til eigen posisjon, profesjon og destinasjon undervegs i opphaldet

  • Refleksjon over korleis eigen bakgrunn og posisjon som norsk student vert utfordra i møte med ny kontekst og nye relasjonar
  • Refleksjonar over korleis du er og kan vere ein god HVL-student/ambassadør på utveksling
  • Refleksjon over erfaringar med fordommar og stereotypiar/kultursensitivitet i praksis/arbeid/studiestad
  • Refleksjon over interkulturell kommunikasjon (verbalt og nonverbalt) og kvifor det er slik i ulike samfunn, profesjonar og institusjonar

Del 2: Interkulturell kompetanse knytt til eigen posisjon, profesjon og destinasjon etter opphaldet

  • Refleksjon og presentasjon av etiske dilemma ein har erfart
  • Refleksjon og presentasjon av innsikt i og erfaring frå kulturelle dimensjonar og referanserammer
  • Refleksjon og presentasjon av profesjonsfagleg kompetanse ein har ervervet frå utanlandsopphaldet

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om interkulturell kommunikasjon
  • har kunnskap om ulike typar samfunn og kulturelle dimensjonar (det norske og mottakarlandet)
  • har kunnskap om kulturelle variasjonar innan eigen disiplin/profesjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan samhandle og kommunisere med menneske frå ulike samfunn
  • kan bruke eigen disiplin- /profesjonskompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
  • kan identifisere og reflektere over etiske dilemma ved eige utanlandsopphald

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad og utvide eigen forståingshorisont i møte med praksisplass/utdanningsinstitusjon under utveksling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert i fleire delar med undervisning. Modulen gjennomførast digitalt: Førelesing, diskusjonar og presentasjonar.

Kurset er rekna til 10-12 timar obligatorisk undervising + førebuing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Refleksjonslogg på 4-5 sider som blir delt med studentar på same utvekslingsstad, og blir sendt inn som rapport.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studentane skal få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i form av ein presentasjon på 10-15 minutt etter heimkomst: presentasjon av erfaringar frå utvekslinga for medstudentar (fysisk), sensorar (digitalt) og andre.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Dersom munnleg eksamen ikkje er bestått, eller om studenten ikkje ønskjer å ta eksamen, får studenten utferda eit kursbevis.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel