Hopp til innhald

JU6-404 Jus for offentleg leiing

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane forståing for korleis forvaltningsretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder generelt, og særleg i helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og kompetanse

Kunnskap

  • Ha god kunnskap om dei viktigaste reglane for sakshandsaming innan offentlege verksemder, og særleg innan helse- og velferdssektor og skulesektor.
  • Ha innsikt i internkontroll som metode.

Ferdighet

  • Kunne sakshandsame juridiske problemstillingar innafor eige praktiske ansvars- og arbeidsområde i sektoren
  • Ved delegering kunne leie og rettleie andre i sakshandsaming

Generell kompetanse

  • Ha grunnleggande forståing for forvaltningsretten sine rettsreglar generelt, for arbeidsrett, samt dei sentrale rettsreglane for eigen sektor og fagområde spesielt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav) og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Praktisk oppgåve i forvaltningsrett med individuell tilbakemelding (omfang 600 - 1200 ord).
  • Praktisk oppgåve i helse- eller utdanningsrett med individuell tilbakemelding (omfang 750 ord).

Vurderingsform

Heimeeksamen - 10 dagar. Individuelle svar på utlevert oppgåvetekst. Omfang 3000 - 3500 ord.

Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.

Karakterskala A - F der F er "ikkje greidd".

Ved stryk eller gyldig fråvær kan studenten levere inn omarbeidd oppgåve til ny vurdering påfølgjande semester. Ved ynskje om forbetring av karakter kan omarbeidd tekst leverast inn neste gong eksamen vert arrangert.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tilatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU6-404 - Jus for offentleg leiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • JU6-400 - Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • JU6-402 - Jus i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • JU6-403 - Jus i utdanningssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng