LLL301 Leiing til utforskande leike- og læringsmiljø
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
I barnehagen må barnehagelærar arbeide tverrfagleg. I denne fordjupinga er leiing av eit tverrfagleg og utforskande leike- og læringsmiljø hovudtema. Dette er eit komplekst arbeid, og vert sett i samanheng med kvalitetsarbeid i barnehagen. Å leie til utforskande miljø for både barn og personalet krev praktisk klokskap.
Praktisk utøvande leiing vil i emnet knyte seg både til aktivitetar med barn og barnegrupper. Målet er at studenten skal få kunnskap om å leie til eit lærande og endringskompetent personale med god kunnskap kring leik, læring og utforsking sett i samanheng med inkludering av alle barn.
Studentane skal få innføring i omgrep og teoriar knytt til utforsking, leik, læring, barnehagen som leike- og læringsmiljø , inkludering, endringsleiing og prosessarbeid.
Studentane skal planlegge, gjennomføre og formidle eit prosjekt. Prosjektet tek utgangspunkt i ei utfordring eller ein idé utforma i samarbeid med ein barnehage.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit tverrfagleg og utforskande leike- og læringsmiljø, som stimulerer til undring og kreative prosessar
- har kunnskap om makt, medverknad og demokratiske prosessar knytt til barn og personalet
- har kunnskap om endringsleiing i samanheng med å utvikle eit tverrfagleg og utforskande leike- og læringsmiljø for alle barn
- har kunnskap om verdien av leik og rommet sin betydning for leikemiljø, ute og inne
- har kunnskap om nasjonale lovverk og styringsdokument som rettar seg mot barnehagen sitt mandat for læringsmiljøet i barnehagen
Ferdigheiter
Studenten
- kan sjølvstendig og i lag med andre leie kollektive endrings- og læringsprosessar i personalet for å fremje eit utforskande leike- og læringsmiljø
- kan anvende observasjon som verktøy for å utvikle eit utforskande leike- og læringsmiljø
- kan analysere og vurdere relevante faktorar som hemmar og fremjar heilskapleg utvikling i eit utforskande leike- og læringsmiljø for alle barn
- kan fagleg drøfte ulike problemstillingar knytt til ulikskap som utfordring og mogelegheit i samanheng med leike- og læringsmiljøet i barnehagen
- har samtale- og kommunikasjonsferdigheiter som styrker eit utforskande barnehagemiljø for alle barn
- kan sjølvstendig og i lag med andre planlegge, gjennomføre og evaluere ulike tverrfaglege aktivitetar for eit utforskande leike- og læringsmiljø for alle barn
Generell kompetanse
Studenten
- har ei sjølvstendig, reflektert og kritisk forståing for barnehageprofesjonen si rolle i å vidareutvikle barnehagen
- kan kritisk reflektere over og vurdere etiske dilemma knytt til leike- og læringsmiljøet i barnehagen
- kan reflektere fagleg over barnehagelæraren som rollemodell, omsorgsperson og kulturformidlar for og med alle barn
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, og delta i faglege diskusjonar innanfor barnehageprofesjonen
- kan meistre norsk språk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga i emnet består av førelesingar, praktisk-metodiske og studentaktive læringsformer, samt arbeid individuelt og i gruppe.
Studentane vil få øve på ulike uttrykksformer og praktiske ferdigheiter saman med barn og personale.
Obligatorisk læringsaktivitet
Oversikt over obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta i emnet, samt praksis.
Godkjend obligatorisk deltaking i undervisning, minimum 80%
Tre obligatoriske læringsaktivitetar:
OLA 1: Knytt til prosjektarbeid i grupper
OLA 2: Knytt til tverrfagleg og praktisk prosjekt med barn
OLA 3: Knytt til leiing og prosessarbeid med personalet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen 30 min.
Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Førebudd presentasjon
Meir om hjelpemiddel