Hopp til innhald

LUPEKP200 Praksis 2.år kroppsøving og idrettsfag

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis er ein obligatorisk del av utdanninga. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksis på nettsiden for praksis.

Praksis i dette emnet blir gjennomført i hovudsak i vidaregåande opplæring 25 dagar, og 10 dagar spesialpedagogisk praksis.

I praksis skal studenten planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Dette inneber også å bidra i gruppearbeid og eventuelt i medstudentar sin undervisning, og evaluere etter nærare instruks frå praksislærar. Andre arbeidsoppgåver kan vere observasjon, gje/ta imot kollegarettleiing, skrive refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar-/personalmøte. Det skal legagst til rette for at for- og etterarbeid kan gjerast innanfor ordinær arbeidstidsramme.

Praksis kan og føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samanheng med planleggingsdager, foreldremøte, elevsamtaler, utviklingssamtaler, aktivitetsdager, ekskursjoner m.m. Ved eventuell kveldspraksis, skal arbeidsdagen forskyvast eller kompenserast for på andre dager.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om læraren si rolle, rettigheiter og plikter og om lærararbeidet på organisasjonsnivå, mellom anna kontaktlærar sitt arbeid og ansvar
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon og lokale og nasjonale kvalitetssystem
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har brei kunnskap om tilrettelegging av fysisk aktivitet og kroppsøving for barn og unge med og utan funksjonsnedsetting

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke erfaringsbasert kunnskap saman med forskingsbasert kunnskap om elevane si utvikling og bakgrunn som utgangspunkt for læring og tilpassa opplæring
  • kan bruke ulike vurderingsmåtar for å fremje læring, elevmedverknad og lærelyst
  • kan planlegge og gjennomføre tilrettelagt undervisning i kroppsøving og idrettsfag for barn og unge med funksjonsnedsetting.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
  • kan reflektere over eigen og andre sin praksis i lys av teori og forsking
  • kan planlegge og delta på møter med føresette og utviklingssamtalar med elevar

Krav til forkunnskapar

LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag

Undervisnings- og læringsformer

  • Studenten skal følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar eller andre tilsette på praksisskulen så langt det er mogeleg, inkludert teamarbeid og møteverksemd. Studenten skal observere når praksislærar og medstudentar underviser. Det blir forventa at studenten skriv dagleg logg over observasjonar og refleksjonar, som kan danne grunnlag for rettleing. I tillegg skal studenten bidra som medlærar når andre har undervisningsansvaret.
  • Studenten skal bruke erfaringsbasert kunnskap saman med forskingsbasert kunnskap om elevane si utvikling og bakgrunn, som utgangspunkt for læring og tilpassa opplæring
  • Studenten skal lage planleggingsdokument åleine eller i samarbeid med medstudentar. Praksislærer skal motta dokumentet i god tid, sånn at studenten kan få rettleiing før undervisningsøkta.
  • I vårsemesteret skal studenten utarbeide sjølvevaluering som leverast til praksislærar til sluttsamtalen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Obligatorisk 35 dagar rettleia og vurdert praksis.

To delvurderingar: bestått / ikkje bestått.

  • P1: 25 dagar praksis i vidaregåande skule, delt på 15 dagar haust og 10 dagar vår.
  • P2: 10 dagar spesialpedagogisk praksis i vårsemesteret.

Samla sluttkarakter vår etter skalaen bestått/ikkje bestått. Begge delane må vere bestått for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

.

Meir om hjelpemiddel