LUPEKP300 Praksis 3.år kroppsøving og idrettsfag
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving.
Val av emne får innverknad på studenten sin praksis. Denne emneplanen gjeld studentar som har valt fordjuping i treningslære. Studentar som har valt andre emne ved HVL skal følgje emneplan og retningslinjer i grunnskulelærarutdanninga.
Praksis blir organisert som 10 dagar punktpraksis på idrettsfag i vidaregåande skule og 10 dagar samanhengande praksis i idretten.
Ein praksisdag tilsvarar ein arbeidsdag, og studenten skal vere til stades 7,5 timar kvar dag. Det skal leggast til rette for at for- og etterarbeid gjerast innanfor ordinær arbeidstidsramme.
Praksis kan føregå på enkelte andre dagar/kveldar. I skulen - i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. I idretten - i samband med møter og arrangement på kveldstid og i helg. Ved eventuell kveldspraksis og/eller praksis i forbindelse med helg, skal arbeidsdagen forskyvast eller kompenserast for på andre dagar.
I praksis inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre sin undervisning/aktivitet. Døme på andre arbeidsformer kan vere observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar/personalmøte.
Praksis kan og føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. i skulen, og kveld og helg i praksis i idretten.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga
- har kunnskap om korleis ulike nasjonale og lokale satsingsomrde kan ha betydning for styrking av elevane si læring
Ferdigheiter
Studenten
- kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid for ulike elevar, samt kunne rettleie i profesjonsfellesskap
- kan identifisere åtferd som er utfordrande for elevane si læring og drøfte måtar dette kan handterast på
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- kan vurdere og kommunisere dei praktiske og estetiske faga sin rolle i skulen og samfunnet
Krav til forkunnskapar
- LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP200 Praksis 2.år kroppsøving og idrettsfag
Undervisnings- og læringsformer
I både skule- og idrettspraksis inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging, gjennomføring og evaluering av eigen og medstudentar sin undervisning/aktivitet. Døme på andre arbeidsformer kan vere observasjonsoppgåver, gje eller ta imot rettleiing, delta i eller observere elevsamtaler (til dømes undervegsvurdering), spelarsamtaler eller samtaler med andre i skule-eller idrettspraksis, delta på foreldremøte, styremøte, lærar-/personalmøte eller liknande. Studenten skal følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar/rettleiar så langt det er mogeleg.
I skulepraksis skal studenten som har ansvar for ei undervisningsøkt, lage eit planleggingsdokument som skal leverast til praksislæraren. Dokumentet skal leverast i god tid før økta, slik at studenten kan få rettleiing i forkant. Rettleiing etter gjennomført undervisning skal gjerast saman med praksislæraren og praksisgruppa, og skal innehalde refleksjon og evaluering av økta. Om studentane får høve til å leie aktivitetar i praksis i idretten er det ønskjeleg at same prosedyre, med omsyn til planlegging, gjennomføring og evaluering, blir følgt.
På praksisførebuande møte skal studentar og praksislærar/rettleiar i idretten, saman utforme ein skriftleg plan for prakissperioden. Planen skal innehalde tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvar for kva, rettleiingstidspunkt og eventuelt andre kommentarar. Denne planen skal synleggjere avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde for både praksislærar og studentar. Ein kopi av planen skal sendast til rpofesjonsrettleiaren ved HVL før oppstart av praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Obligatorisk 20 dagar rettleia og vurdert praksis.
2 delvurderingar: bestått/ikkje bestått
- P1 haust: sluttvurdering etter 10 praksisdagar
- P2 vår: sluttvurdering etter 10 dagar
Samla sluttvurdering vår: bestått/ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel