Hopp til innhald

MGBKØ101 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vera lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskulen.

Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Til emnet ligg utvikling av sjølvstendig innsikt i fagets legitimering og gjeldande læreplan som styringsdokument for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Vidare skal emnet utvikle undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring fra praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om gjeldande læreplanverk, kroppsøvingsfagets eigenart og legitimering, og korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving med ei kompetanseorientert forståing for læring i undervisinga
  • har kunnskap om ulike rollar læraren har og klasseleiing si betydning for undervisinga
  • har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett, symjing og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur som læringsaktivitetar for utvikling av kompetanse i faget
  • har fagdidaktisk kunnskap om korleis legge til rette for og arbeide med elevens kompetansar i faget i val av innhald, undervisingsmetodar og arbeidsmåtar
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplanverk og profesjonsetiske retningsliner planlegge, gjennomføre og evaluere undervising for eleven si utvikling av kompetanse i kroppsøving
  • kan utvikla og bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, symjing og idrettsaktivitet, og gjera seg nytte av dette som læringsaktiviteter i arbeid med elevens kompetansar i undervising i kroppsøving
  • kan reflektere over val for arbeid med læring og danning i undervisinga, eiga rolle som lærar og klasseleiing
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevane i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø
  • kan planlegge og gje grunnleggjande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til danning og identitetsskaping til elevane
  • kan anvende og reflektere over ei kompetanseorientert tilnærming for eleven si læring i arbeid med planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i kroppsøving
  • kan nytte seg erfaring frå skulepraksis i utvikling av eigen lærarprofesjon
  • kan vise vilje og evne til samarbeid og vere ein bidragsytar i læringsfellesskap der refleksjon og kritisk tenking er sentralt for eiga og andre si faglege utvikling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Akademisk skriving. Innlevering av fagtekst(ar) med krav til struktur og kildehenvisning.
  • Praktisk-metodisk undervisningsoppgåve
  • Friluftsliv med overnatting

Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga og samhandlar med faglærarar og medstudentar.

Obligatoriske læringsaktiviteter må vera fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Semesterplanen vil gi retningslinjer for læringsaktivitetane. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.

Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.

Vurderingsform

Praktisk eksamen, 4-6 dagar.

Studenten skal planlegga og gjennomføra eit undervisingsopplegg, som inkluderer eit refleksjonsnotat og ein fagleg samtale i etterkant.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt under planlegging av praktisk eksamensgjennomføring.

Under den praktiske gjennomføringa er ingen hjelpemiddel tillatt.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • KRO1001 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 10 studiepoeng