MGBPDK141 Profesjonsfagleg digital kompetanse
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd 2025/2026.
Profesjonsfagleg digital kompetanse (PFDK) legg opp til ei utforskande og praktisk tilnærming i bruk av digitale verktøy i arbeidet med utvikling av digital dømmekraft og ein digital praksis. Emnet byggjer på UDIR sitt rammeverk for PFDK. Dette er eit studietilbod i praktisk og didaktisk bruk av ulike typar teknologi i pedagogisk arbeid. Emnet har som mål å utvikla studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse (PFDK) for å nå faglege mål. Undervisninga er praktisk retta og konkretiserer læreplanen sitt mål om digital praksis i skulen.
Arbeidsmåtane og verktøya kan inkludera digital forteljing, podkast, programmering, foto- og video-behandling, animasjon, spel i skulen og læremiddelproduksjon.
Innhald:
- Bruk av teoretiske perspektiv innan digital praksis og utvikling av digital kompetanse i skulen.
- Arbeid med personvern, informasjonstryggleik, opphavsrett, kjeldekritikk, universell utforming og tenleg bruk av digital teknologi i skulen.
- Utvikla forståing for barn og unge si rolle som aktive mediebrukarar, som konsumentar og produsentar i ein sosial mediekultur.
- Utvikla forståing for kunstig intelligens og korleis slike tenester er forma og tilpassa brukarane.
- Produksjon av digitale ressursar som legg til rette for pedagogisk leik og læringsaktivitetar.
- Bruk av digitale verktøy i arbeidet med dokumentasjon og vurdering i skulen.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap og teoretiske perspektiv innan digital praksis og digital kompetanse i skulen
- har inngåande kunnskap om elevar sin mediekultur, leik og digitale dømmekraft - og forstår kva påverknad ei slik digital utvikling har på skulen og lærarprofesjonen
- har spesialisert innsikt i personvern, informasjonstryggleik, kjeldekritikk, opphavsrett og universell utforming - og forstår korleis kunstig intelligens påverkar dette
- har inngåande kunnskap om programmering og betydninga algoritmar har i samfunnet
- har omfattande fagdidaktisk kunnskap om ulike digitale verktøy
Ferdigheiter
Studenten
- kan utforma faglege og pedagogiske aktivitetar i skulen
- kan kombinera digitale og analoge ressursar i ein heilskap som stimulerer elevar si utforsking, leik og læring
- kan bruka og vurdera digitale ressursar for å dokumentera og vurdera det pedagogiske arbeidet i skulen
- kan bidra til utvikling av algoritmisk tenking i skulen
- kan analysera og vera kritisk til eigen profesjonsfagleg digital kompetanse
- kan bruka digitale verktøy i skapande arbeid til utvikling av eigne digitale læremiddel
Generell kompetanse
Studenten
- kan utvikla eigne digitale ferdigheiter, leia undervisning og læringsaktivitetar som inkluderer digitale verktøy
- kan vera kritisk og reflektert til bruk og innhald i digitale ressursar
- kan utvikla elevane sin kompetanse og haldningar i kommunikasjon og samhandling på ulike digitale flater
- er bevisst eiga åtferd på digitale arenaer og konsekvensane dette kan ha for eigen profesjonsidentitet
- kan kritisk vurdera og utnytta kunstig intelligens, læringsanalyse og adaptive læremiddel
- kan veksla i rolla som deltakar, formidlar og rettleiar i digitale omgjevnader
- kan bidra i profesjonsfellesskapet med ny kunnskap om digital utvikling i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Profesjonsfagleg digital kompetanse er eit emne som følgjer Vestlandsklasse-formatet. Emnet stiller krav til sjølvstendig arbeid, felles kunnskapsutvikling og samtidig samarbeid med andre studentar både fysisk (t.d. Læringslab) og digitalt (t.d. i Zoom).
Emnet er organisert med både asynkron og synkron undervisning. Det vert lagt vekt på læringsformer som rettleiing, diskusjonar, øvingsoppgåver, presentasjonar og kvarandrevurdering.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har følgjande obligatoriske læringsaktivitetar:
- Delta på startsamling i Læringslab.
- Presentasjon av eige arbeid på fire synkrone samlingar.
- Gjennomføra minst 12 av 25 øvingsoppgåver.
- Laga ein digital ressurs som bidreg til å utvikla profesjonsfelleskapet (i eit lærarkollegium) eller studentfellesskapet (i HVL).
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Vurderinga i emnet er bygd opp som ei samla mappevurdering som består av fire mappeelement:
- Mappeelement 1 er ein produksjon av eit digitalt læremiddel (t.d. video, H5P el.l.) og øvingsoppgåver i eit sjølvvalt emne. Mappeelement 1 er knytt til forarbeid til praksis (vekting 25%).
- Mappeelement 2 er ei digital fortelling der studenten lagar ein refleksjonsvideo, som drøftar eigne og elevar sine digitale ferdigheiter ved praksisskulen. Mappeelement 2 er knytt til etterarbeid frå praksis (vekting 25%).
- Mappeelement 3 er ei utvikling av ein digital ressurs som viser bruk av læringsteknologi. I dette arbeidet skal studenten gjera seg kjent med læringsteknologiar frå HVL sin læringslab. Arbeidet skal kombinera digitale og fysiske ressursar i ein heilskap som stimulerer til utforsking, leik og læring. Arbeidet skal utviklast som ei interaktiv bok (min. 10 «sider») (vekting 25%).
- Mappeelement 4 er knytt til studenten sin videorefleksjon over utvikling av eigen profesjonsfagelege digitale kompetanse (vekting 25%).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått kan det leverast ein forbetra versjon av mappa til ny eksamen ein gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel