SA597 Danning og akademisk handverk - historie
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.
Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).
Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.
Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.
Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.
Emnet har ein fellesdel som utgjer 5 studiepoeng og ein utdanningsspesifikk del på 5 studiepoeng. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
Læringsutbytte
Fellesdel
Kunnskapar
Kandidaten
- har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt.
- har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid.
- har kunnskap om etikk.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
- kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
- kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava.
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe.
- kan formidle og diskutere sentralt fagstoff og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt.
Fagspesifikk del
Kunnskapar
- Kjenner til uviklinga og innhaldet i historisk og samfunnsvitskapleg metode og arbeidsmåtar.
Ferdigheiter
- Kan nytte historie- og samfunnsfaglege arbeids- og tenkemåtar i møte med faglege tekstar og elles i det akademiske arbeidet.
.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.
Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet.
- Individuelt skriftleg arbeid der studenten skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde. (lengde på teksten må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
- Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
- Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.
Krav til deltaking/frammøte i obligatoriske læringsaktivitetar er 80%, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL §8-4(3).
Vurderingsform
Skriftleg gruppebasert oppgåve.
Omfang: 2000 ord pluss/minus 10%.
Karakterskala: bestått/ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstigintelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 10 studiepoeng
- BARN110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BIO101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ERG110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- FYS110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- IDF100 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- LUPEKI101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- LUPEM101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- RAD110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SAB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKDB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKDES110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKDF110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKDH110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKF110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKS110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SYKH110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- VPD110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- VPL110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng