SA607 Historiefagleg kommunikasjon
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet har som føremål å få studentane til å skrive om bacheloroppgåva til ein fagartikkel, ein kronikk eller eit anna produkt som kan publiserast i eit eigna medium i papirformat (tidsskrift, avis) eller på ei publiseringsteneste på Internett. Alternativt kan studenten lage ein podkast eller halde eit føredrag. Emnet skal tene til å utvikle medvitet om kva som skil ein rein fagtekst (bacheloroppgåva) frå formidling som har ei breiare målgruppe i sikte, t.d. lesarar av eit lokalhistorisk tidsskrift.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten ....
- kan gjere greie for sjangeren fagartikkel i historie
- kan gjere greie for ulike formidlingsplattformer for historie
Ferdigheiter
Studenten...
- kan skrive ein kortare populært innretta fagartikkel eller halde eit føredrag om eit historisk emne basert på bacheloroppgåva
Generell kompetanse
Studenten..
- kan skrive ein fagtekst om eit historisk tema med vekt på formidlingsaspektet og etter vitskaplege kriterium
Krav til forkunnskapar
Bacheloroppgåve i historie (SA523) må vere innlevert til eksamen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, forelesingar (direkte/opptak), studentaktive økter og læringsressursar på nett. Det blir oppmoda til at studentane dannar eigne studiegrupper for å sikra best mogleg læring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Oppgåve (individuell). Oppgåva skal vere eit publiseringsklart produkt som kan sendast til ein aktuell utgjevar, eller eit føredrag, samt eit refleksjonsnotat.
Vurdering: Greidd/ikkje greidd.
Ved ikkje greidd leverer ein forbetra versjon av produktet påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel