SA608 Historie fordjuping: Kunnskapshistorie
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Vår tid blir gjerne kalla eit kunnskapssamfunn eller jamvel eit forskingsavhengig samfunn. Korleis kan vi forstå vitskap og kunnskap i eit historisk perspektiv? Dette emnet tek for seg nokre innfallsvinklar til slike spørsmål, der endringar innanfor vitskap, forsking og teoretisk kunnskap blir sett i ein større historisk kontekst, og der vi prøver å identifisere viktige samfunnsmessige, sosiale og institusjonelle vilkår for det som skjedde. Emnet tek for seg så vel vitskapshistorie som historie om kunnskap i ein breiare forstand, som til dømes kunnskapsrørsler, kunnskapsarenaer, kunnskapsmangfald, profesjonar og teknologihistorie.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten…
- Kjenner dei tilnærmingane til studieobjekta som har dominert den moderne vitskapen i ulike periodar
- Kjenner viktige døme på kunnskapsaktørar og kunnskapsarenaer i ulike epokar og kulturar
- kan greie ut om forholda mellom kunnskap og samfunn i ulike epokar, med omsyn på både akademisk og ikkje-akademisk kunnskap
- kan greie ut om kjenneteikn på moderne profesjonar og om ulike teoriar for korleis dei har vakse fram
- kjenner grunnleggjande kunnskapssosiologisk terminologi, som kunnskapssirkulasjon, modus 1 og 2 samt aktør-nettverk-teori
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte korleis kunnskap er institusjonalisert i dag, og setje dette i eit historisk perspektiv
- kan gjere greie for motspel og medspel mellom kunnskap og politikk i fortid og notid
- kan vurdere korleis viktige kunnskapsaktørar sjølv formidlar og brukar si eigen historie.
Generell kompetanse
Studenten kan…
- skrive ein tekst om eit kunnskapshistorisk tema basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
- ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny kunnskapshistorie
Krav til forkunnskapar
Ingen (sjå tilrådde forkunnskapar)
Tilrådde forkunnskapar
Første året av bachelorstudiet i historie eller årsstudium i historie.
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, forelesingar (direkte/opptak), studentaktive økter og læringsressursar på nett. Vi oppfordrar studentane til å danne eigne studiegrupper for å sikre best mogleg læring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell (5 timar).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel