Hopp til innhald

SOS160 Sosiologisk forskingsmetode

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet er del av ein nettbasert bachelor i sosiologi. Undervisninga går føre seg digitalt. Emnet gjev ei grunnleggande innføring i korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. Eit sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne:

  • kan studenten definere grunnleggande omgrep i sosiologisk forskingsmetode
  • har studenten kunnskap om dei mest brukte forskingsmetodane i sosiologien
  • kan studenten gjere greie for ulike kvalitative og kvantitative undersøkingsopplegg

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • diskutere sterke og svake sider ved bruk av kvantitative og kvalitative data
  • diskutere og grunngje metodeval med utgangspunkt i ulike typar problemstillingar
  • utforme ein plan for, og gjennomføre ei kvalitativ undersøking
  • tolke analysar av kvantitative data

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • vurdere og tolke metodebruk i sosiologisk og anna samfunnvitskapleg forsking
  • vurdere og halde seg kritisk til det metodiske grunnlaget for forskingsresultat som blir presentert i det offentlege ordskiftet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleirvalstest (multiple choice) i kvantitativ metode.

Den obligatoriske læringsaktiviteten må bli vurdert til "godkjend" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjend" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Semesteroppgåve i kvalitativ metode med omfang på 1400 til 1600 ord.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Ved ikkje bestått, kan omarbeidd oppgåve leverast. Ved ikkje bestått på andre forsøk lyt ein levere oppgåve med ny problemstilling.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tilatt

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA588 - Sosiologisk forskingsmetode - Reduksjon: 10 studiepoeng