Hopp til innhald

BIDR213 Folkehelsearbeid

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet folkehelsearbeid gjer praktisk og teoretisk innføring i folkehelsearbeid med fokus på helsefremjande arbeid på gruppe- og befolkningsnivå. Studentane skal arbeide med korleis ein kan leggje til rette i samfunnet for å fremje helse i befolkninga og redusere sosial skilnad i helse med særskilt fokus på fysisk aktivitet. Emnet gjer ei innføring og praktisk øving i prosjektleiing og å gjennomføre eit folkehelseprosjekt, der studentane skal arbeide i grupper og ute i felt med ei problemstilling eller eit oppdrag.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjere greie for relevante omgrep, teoriar og prinsipp knytt til folkehelsearbeid og helsefremjande arbeid
  • har brei kunnskap om systematisk folkehelsearbeid jf. folkehelselova
  • har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet og fremming av helse hos barn og unge
  • har innsikt i sentrale strategiar og føringar for folkehelsearbeid og fysisk aktivitet nasjonalt og globalt
  • har kjennskap til innovasjonsmetodikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over etiske spørsmål knytt til folkehelsearbeid
  • kan formidle dei nasjonale anbefalingane for fysisk aktivitet og kosthald til ulike grupper
  • kan vurdere helsefremmande og førebyggande tiltak i lys av folkehelseutfordringar og bærekraftsmåla
  • kan innhente, analysere, tolke og presentere kvalitative data knytt til folkehelsearbeid
  • kan benytte digitale verktøy til formidling av fagstoff

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre, evaluere, reflektere rundt og formidle eit folkehelseprosjekt i samarbeid med andre

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet inneheld både teoretisk og praktisk undervisning med kombinasjon av prosjektarbeid, forelesning, gruppearbeid, feltarbeid og andre studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Prosjektplan (skriftleg)
  • Gjennomført aktivitetar som høyrer til prosjektet
  • Framlegg og refleksjon av gjennomført prosjekt (munnleg)

Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Emnet har to deleksamenar som går over sju dagar:

  • Heimeeksamen i gruppe (vekta 50%): Formidling av eit folkehelseprosjekt gjennom video.
  • Individuell skriftleg oppgåve (vekta 50%): Tilhøyrande individuell skriftleg refleksjonstekst.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Ved ny eksamen leverer studenten/gruppa omarbeida deleksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel